No får me tru at høyringa gir klare tilbakemeldingar om at legalisering ikkje er rette vegen å gå for å stoppa ei uheldig utvikling innan rusmiddelbruk.

Alternativ narkotikapolitikk var overskrifta til kronikken skriven av Einar Førde i BT 27. feb. Straffelovkommisjonen sine forslag om å liberalisera narkotikapolitikken hadde Førde gjort seg nokre tankar om. I den same avisa kan me også lesa at narkobrukarane i Bergen vert stadig yngre. Det er rapporten som Utekontakten har utarbeidd, som kjem med denne triste meldinga. Eg vonar difor at narkotika-liberalarane ikkje vinn fram.

Førde har sikkert rett i at me treng ein fordomsfri vurdering og studium av dei faktiske resultata av dei nokså mange liberaliseringsformene som har vore prøvd i andre land. Vert me godt nok orienterte om resultata i dei ulike landa? Nederland har praktisert ein svært liberal narkotikapolitikk. Er resultata så gode der?

Ole Thiemer, ein som har vore narkoman i 20 år, men no stoffri i 10 år, hadde eit interessant debattinnlegg i Folket 11.01.02. Frå debattinnlegget hans vil eg gjerne sitera: «I Nederland, hvor hasj har vært legalisert i mange år, har de kriminelle bakmennene fått gode vilkår. Det illegale salget og eksporten av stoffer er i så stor grad ute av kontroll at Nederland eksporterer mer narkotika enn tulipaner til deres naboland. Ikke bare kriminaliteten har gode vilkår, men ofrene for hasjens mentale fengsel har eksplodert. Antallet hasjmisbrukere, hasjpsykoser og harde narkomane har økt i en alarmerende hastighet i løpet av de siste årene.» Etter dette ser det ikkje ut til at den liberale narkotikapolitikken i Nederland har vore så vellukka. Sveits har heller ikkje vore så heldig med narkotikapolitikken, slik eg har oppfatta det. Nei, la oss halda på klare grenser.

La dei unge skjøna at livet godt kan levast utan kunstig rus. Tenk om me fekk dei unge til å føla at det er tøft å seia nei til rusmiddelbruk.

OTTAR BOGE,

INDRE ARNA