Dette kan i realiteten føre til privatisering av heile utdanningssektoren. Arbeiderpartiets Universitetslag finn forslaget svært uheldig og oppfordrar statsråd Kristin Clemet til ikkje å gje etter for fleirtalet sine ønskjer om auka kommersialisering og lausriving frå folkevalde gjennom staten.

Dersom fleirtalet vinn fram med synet sitt fryktar vi at institusjonane vert mindre uavhengige og at påverknadsmoglegheitene til tilsette og studentar vert redusert. Det å opne opp for sterkare marknadsstyring av universitet og høgskular kan gå ut over kvalitetstilbodet til institusjonane. Både fagleg, økonomisk og institusjonell fridom er nødvendig for at forsking og undervisning skal framstå med objektiv breidde. Utdanningsinstitusjonane er ikkje profittbaserte bedrifter der produksjon og inntening skal vere dei viktigaste styringsfaktorane! Arbeiderpartiets Universitetslag vonar at regjeringa tek motstanden mellom tilsette og studentar til etterretning og går imot fleirtalet si innstilling.

Arbeiderpartiets Universitetslag