Av Tom Sverre Tomren og John Martin Jacobsen,

Naturvernforbundet Hordaland

Mjølfjell og dei omliggjande områda representerer nasjonale og internasjonale verneverdiar som Forsvaret ikkje må få rasera.

Forsvaret ynskjer å utvida bruken av dagens skyte— og øvingsfelt som er på om lag 130 km2 til også å omfatta bombing frå jagarfly, samt testskyting av missilar og andre tunge våpen frå bakke og helikopter. Flyging ned til 300 meter over bakken med jagarfly, og bombing i opp til 26 veker kvart år vil vera konsekvensar av utvida bruk av området.

Vidare ynskjer Forsvaret å oppretta ei sikringssone som vil vera like stor i areal som sjølve bombefeltet. Ferdsel og anna aktivitet i dette området, som til saman vil utgjera rundt 300 km2 vil vera forbode i opp til 26 veker i året. Området vert i dag mykje brukt som tur- og rekreasjonsområde. Bombinga vil hindre friluftsliv i området halve året. DNT si populære hytte på Grindafletane vil måtte stengast denne tida.

Området har eit rikt biologisk mangfald, med innslag av blant anna vossalaks og gaupe. I området finst det og artar som står på raudlista, til dømes jerv og fjellrev og fleire fugleartar. Naturvernforbundet fryktar kva for innverknad bombing frå jagarfly kan ha på det biologiske mangfaldet i området. Forsvaret sine aktivitetar vil føre til stor støybelasting, kombinert med fare for ureining og blindgjengarar.

Planane vil også medføra stor fare for avrenning av miljøgifter til småelver i området som igjen ender i det verna Vossavassdraget. Dette er også vatnet som forsyner Voss med drikkevatn. Det vil også vera stor fare for avrenning av miljøgifter til ei av Noreg sine reinaste fjordar, Nærøyfjorden.

Naturen i området er av internasjonal verneinteresse. Nærøyfjorden er saman med Geirangerfjorden nominert av Nordisk ministerråd til UNESCO si verdsarvliste som dei fyrste områda i Noreg. Fjordlandskapet er internasjonalt eineståande. UNESCO har gitt klar beskjed om at organisert flystøy og bombing av naboområdet er uforeinleg med verdsarvstatus både for Nærøyfjorden og Geirangerfjorden. Støy frå bombefeltet vil omfatta store delar av Voss, Aurland og Ulvik kommunar.

Ei forsvarleg forvalting av dei nasjonale og internasjonale verneverdiane i Nærøyfjorden, samt dei verdiane som ligg i området på og rundt Mjølfjell, er ikkje foreinlege med bombing frå norske og utanlandske fly og helikopter. Naturvernforbundet krev at Børge Brende tar ansvar, og no tek grep for å leggja alle planar om flybombing på Mjølfjell døde.