I løpet av dei siste fire åra har alle partia i kommunestyret, med unntak av Frp/H, gått inn for eigedomsskatt eller utgreiing av ein slik skatt.

Kva er så stoda ved årets kommuneval? Ei rask gjennomlesing av dei ulike partiprogramma gjev oss ikkje den heile og fulle oversikta. Fleire av partia skriv faktisk ikkje kva dei meiner om eigedomsskatt i programma sine! Korkje KrF, Sp, Venstre, TvS, Ap, SV eller RV har funne behov for å fortelja veljarane i Os kor dei står i denne viktige saka!

Berre Frp og Høgre har vore tydelege, og sagt nei til eigedomsskatt. Dei andre partia nemner ikkje eigedomsskatt med eit einaste ord. Ap kjem vel nærmast ved å sei at dei «vil arbeide aktivt for å utnytte kommunens inntektspotensial». I reine ord tyder vel dette at dei går inn for eigedomsskatt.

Os Fremskrittsparti tykkjer det er ille at partia ikkje gjev veljarane klår beskjed om kor dei står i dette viktige spørsmålet. Tør ikkje partia stå for politikken sin, i frykt for å missa veljarar? Ein eventuell eigedomsskatt i Os vil årleg påføra vanlege hushaldningar fleire tusen kroner i ekstra utgifter, og næringslivet får svekka konkurranseevne. Vi utfordrar difor KrF, Sp, Venstre, TvS, Ap, SV og RV til å klargjera sitt syn på eigedomsskatt. Gjer dei ikkje det i god tid før valet må veljarane gå ut ifrå at partia vil gå inn for eigedomsskatt også i kommande valperiode, slik dei har gjort det dei siste fire åra ...

Vi voner veljarane merkjer seg om partia svarar på denne utfordringa! Som veljar bør du ha krav på å få vita kor dei ulike partia står i denne saka. Partia bør ærleg og oppriktig kunna sei klårt ja eller nei til eigedomsskatt! I Frp er vi ikkje i tvil. Frp seier klårt nei til eigedomsskatt i Os!

TERJE SØVIKNES,

ORDFØRARKANDIDAT

OS FREMSKRITTSPARTI

Terje Søviknes.
Foto: Scanpix