Avgjerda betyr i praksis at Sunnfjord Miljøverk, selskapet som eig den store avfallsplassen, no kan bli tvinga til å sortere matavfall frå ei rekkje kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn. SFT meiner eit forbod mot å deponere våtorganisk avfall vil gje store reduserte miljøulemper frå deponiet. Dei ber no Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vurdere kva som er rimeleg frist for når forbodet skal tre i kraft.