I eit brev til kommunen peikar fylkesmannen på at budsjettet er fastset med ein underbalanse på 2,8 millionar kroner.

I tillegg slit kommunen med eit akkumulert underskot frå år 2000 på 4 millionar kroner. Dermed vert det naudsynt å spara heile 7,2 millionar kroner dette året.

I eit brev skriv han at alle sider ved den kommunale tenesteproduksjonen må vurderast slik at drifta kan tilpassast dei økonomiske rammene.

Fylkesmannen peikar også på at det går an å samarbeida med andre kommunar. Han ber vidare om at kommunen snarast vedtek ein økonomiplan som gjer greie for korleis Vaksdal vil koma ut av det økonomiske uføre.