debattAv Eilif Grytøyr,kunde 10010457

Og eg reagerer svært negativt på at Telenor i det heile sender ut dette spesielle tilbodet om ekstra kanalar til «Big Brother»-huset. Heile dette programopplegget er smaklaust og uetisk, og eg vonar verkeleg at det ikkje er dette som skal vera framtida vår i media (den digitale tv-hverdagen). Eg kan skjøna at opplegget er freistande for teknikarar som ønskjer å utvikla og syna kva som er mogeleg teleteknisk. Men eg meiner at Telenor, som tek mål av seg til å vera leiande i sin bransje, også er pliktig til å vurdera etikken i verksemda si.

At TVNorge har valt å satsa på denne slags program, får stå for deira rekning. Og om dei med hjelp av Telenor hadde utvikla dette tilbodet til sjåarane, kunne eg akseptert at dette var ein forretningsmessig transaksjon mellom desse to firma. Men slik eg les brevet frå Telenor, er det dei som no går ut og prøver å freista oss med eit eksklusivt tilbod til oss som er Telenor sine kundar.

Etter mitt syn er dette programmet ikkje noko anna enn spekulasjon i våre lågaste instinkt. Me er inviterte til å sitja som kikkarar og følgje med i aktivitetane til desse menneska døgnet rundt, og attraksjonen ligg i vona om at me får sjå noko folk under vanlege vilkår ikkje ville ha synt til all verda. Diverre er det i mykje av media stadig meir av slarv og nærgåande fokusering på meir eller mindre forsvarslause personar i situasjonar som på ein eller annan måte pirrar vår interesse. Oftare og oftare ser me at dette har med sex eller grov vald å gjere. Folk i dramatiske situasjonar knytt til vald eller ulukker, blir bretta ut med sine kjensler og traumer, og privat sorg og gravferder ovrar seg meir og meir som show som appellerer til kjenslene våre utan at me treng å ta dei skikkeleg inn over oss slik me måtte om me hadde vore direkte involverte i hendingane. (Godgrøss før middagen.) Dette meiner eg er øydeleggande for vår evne til å møta røyndommen med ekte kjensler og relevante reaksjonar. Ting vert på eit vis ikkje røyndom før det har vore på fjernsyn.

Tenkjer marknadsfolka i Telenor på slike problem? Deira eksklusive tilbod om tre ekstra kanalar frå «Big Brother» tyder ikkje på det. Eg kjenner meg nesten krenka av at Telenor, som ein langt på veg statleg institusjon går ut med dette tilbodet. Som offentleg instans burde ikkje Telenor marknadsføre seg på dette låge nivået.