Av Edvin Helgheim,Florø

Politikken har liten plass, medan spekulasjonane i motsetningar og bråk er hovudsaka. Eit bilde heilt tilbake frå 1997 med surmulande Hans Ebbing viser omtrent kor langt ut av dato Rossavik er.

Og i fredagsavisa held BT same stilen. Ragnhild Hov er på landsmøtet og gjer lite for full dagsbetaling og opphaldsutgifter i Hell. Nokre få linjer om motsetningar innan SV om makt og innverknad er alt ho har fått plass til. Ikkje eit ord om politikken (Kontrasten til Aftenpostens fyldige dekning er slåande, tanta i Akersgata gjev faktisk lesarane bakgrunn for eigne meiningar ¿).

Og så leiaren. For ein som hugsar BT si trygge borgarlege fortid, har det i ein lang periode vore befriande å lese friske, radikale leiarar om m.a. Bergenspolitikken, Frp, miljøvern osv. Derfor blir SV-leiaren skuffande. «SV flakser litt opp på meiningsmålingane» anslår tonen og språkbruken (at SV har hatt ein stødig og framgang siste månadene og no ville hatt ei dubla stortinsgruppe smakar lite av «flaksing»). Partiet er ikkje spesielt raudt, det er herja av indre strid (indre «demoner» herjar) og partiet er ikkje i stand til å «bringe noen fornyelse i norsk politikk», alt iflg.BT.

Nei, skriv leiarskribenten (Rossavik?): Alternativ er Ap+KrF og Høyre. Det er ei kraft som vel då skal «bringe fornyelse»! BT har rett i at Ap i regjering er arrogant og ofte lite påverkeleg. Men partiet er nok blitt meir audmjukt etter at fleirtalsdraumen har bleikna. Og då er det lite fornyning å hente med å vende seg til høgresida, sidan høgre-politikk er det som no pregar Ap.

Då kunne eit sterkt SV (saman med enkelte sentrumskameratar?) verkeleg gje ei fornying. SV står for ein klar, eintydig miljøpolitikk som har tillit. Det er kanskje den eller viktigaste dimensjonen framover. SV representerer eit klart alternativ til Ap si «modernisering» som gjerne betyr nedbygging av offentlege goder og sentralisering og stortenking. Eit sterkt SV kunne bremse EU-kåte Jagland, kunne hindre at Ap sel ut og privatiserer Statoil, kunne hindre at EU sitt «kugalskap-jordbruk» blei rådande norsk jordbrukspolitikk, kunne presse fram ein anstendig flyktningpolitikk, kunne dempe Aps begeistring for NATOs Europa-politi-strategi, sørge for at kommunane kunne halde skulestellet oppe på 1997-nivå, sørge for ei satsing på kollektiv-trafikken osv. osv.

Dette er ein alternativ politikk som Ap aldri ville føre med støtte av Høgre og KrF. Kven ser skilnaden på sentrumsregjeringa og Ap-regjeringas politikk bortsett frå nokre millardar i kontanstøtte? Jau, Jagland ligg vel eit par hakk til høgre for Bondevik, men det blir ikkje betre med Ap+KrF+Høgre.

Derfor, eit sterkt SV som har minimale indre stridar samanlikna med alle parti, og med ein eller fleire sentrumskameratar, ville kunne presse fram ein alternativ politikk – nokre hakk til venstre. Det ville vore flott, ikkje sant? Dei fleste andre aviser (utan VG, sjølvsagt) drar parallellen til dei grøne i Tyskland og Vänsterpartiet i Sverige, BT seier berre «Nei takk, SV». Det er dumt.