Harald Stanghelle — politisk redaktør i Aftenposten - har gjort eit nummer av at han vil møta opp og drikka eit glas middels god Carmel-vin i Israels ambassade 21. april. Vanlegvis skriv ikkje Stanghelle om når han drikk vin i Israels norske ambassade. Dette ambassadebesøket er blitt ei sak fordi fleire framståande stortingsrepresentantar, blant dei Oddvard Nilsen (H), Kristin Halvorsen (SV) og Senterpartiets Åslaug Haga, har sagt nei takk til å feira denne dagen i lag med den israelske ambassadøren. Dei synest dette er eit glimrande høve til å visa ein liten, og det dei kanskje trudde skulle bli ein stille, protest mot Israels nådelause politikk mot det palestinske folket.

Meir glamorøs

Stanghelle ser det annleis. Han forstår ikkje heilt koplinga mellom Sharon-regjeringas brutale og folkerettsstridige okkupasjonspolitikk på eine sida og feiringa av Israels nasjonaldag på den andre. For Stanghelle representerer denne dagen «FNs opprettelse av en stat som ble en historisk nødvendighet etter et europeisk ragnarok».

Denne delen av Stanghelles resonnement er den minst viktige, bortsett frå at han gjer Israels nasjonaldag meir glamorøs enn han strengt tatt er. FN-framlegget om å dela Palestina i ein israelsk og ein arabisk stat skriv seg frå 1947. Men før FNs delingsplan kunne setjast ut i livet, proklamerte den provisoriske sionistiske leiinga i Palestina etableringa av staten Israel den 14. mai 1948. Denne proklamasjonen, står det i Store Norske leksikon, «trosset FNs anbefaling om å dele Palestina i en arabisk og en jødisk stat». Det er denne dagen, som blir feira på ulike datoar frå år til år, norske politikarar har sagt nei takk til å feira. Er det lov, eller ligg Holocaust framleis som ei sperre som gjer at vi ikkje kan behandla staten Israel på same måten som vi behandlar andre statar?

Dystre hundreår

Eg synest det må vera legitimt både å delta i - og å boikotta - feiringa av den israelske nasjonaldagen. Men det er mykje tung historie som blir henta fram kvar gong vi tillet oss å kritisera Israel og israelsk politikk. Dersom norske ungdomspolitikarar seier dei vil ha ein boikott av israelske varer, så blir dei straks minte om tilstandane i Europa før andre verdskrigen, då jødiske butikkar vart boikotta. Andre hentar fram dystre hundreår med diaspora og antisemittisme, der jødane vart hundsa og forfølgde - i hovudsak fordi dei var jødar. Hitler sette seg føre å få gjort ein ende på jødane ein gong for alle gjennom «die Endlösung», og verda vart etter kvart vitne til eit industrielt massemord vi ikkje finn maken til. Vi nordmenn visste knapt om dette då det skjedde, og vart naturlegvis sjokkerte over råskapen då han viste seg. Men norsk politi var litt for ivrige etter å følgja tyske ordrar om å senda jødane ut or landet, og det er ein lite ærerik flik av nær, norsk historie.

Så det er altså nok av elendigheit, og ingen kan lasta jødane for at dei ikkje let oss gløyma syndene våre. Spørsmålet er likevel om vi i 2002 - femtisju år etter at Hitler-Tyskland låg i ruinar - kan tillata oss å kritisera den jødiske staten utan å måtta bli skulda for antisemittisme.

Kristin Halvorsen - som altså ikkje blir med Harald Stanghelle i den israelske ambassaden - seier det er synd at dei israelske røystene i den norske debatten er så einsidige og fanatiske. Det har slått meg også. Særleg ille blir det når informasjonssjefen ved den israelske ambassaden heiter Leif Røssåk og ikkje gjer det minste forsøk på å sondre mellom kritikk av israelske styresmakter og regulær jødehets.

Men ver på vakt

Men vi skal vera på vakt. Vi skal ikkje lenger enn til redaktør Olav Terje Bergo i Bergensavisen for å finna samanlikningar som er like hårreisande som dei er historielause, då han nyleg drog parallellen mellom Sharon-regimet og Nazi-Tyskland.

Då har eg meir sans for dei som parallellfører den tyske okkupasjonsmakta i Noreg 1940-45 med den okkupasjonspolitikken Israel i dag fører, og jamfører palestinsk motstandskamp med norsk motstandskamp under krigen. Det er mykje som skil, men det er likevel til å få forstand av.

Det finst mykje grums og antisemittisme i verda - og vi nordmenn har vårt å svara for. Men eg trur likevel tida er inne til å kalla ein spade for ein spade, også om det som skjer i Israel. Oddvard Nilsens nei takk til det årlege ambassadebesøket tek eg som eit uttrykk for at vi er i ferd med å koma dit at vi kan behandla Israel på lik linje med andre statar.