No står nordmennene , franskmennene og alle keivhendte for tur. Nokon kvar er altså truga. Unngå for all del å seia at du skal dra på tur til Negerlandsbyen når du no påskeferierer på Kvamskogen, då vil sikkert mange tru at du skal på eit rasistisk treff med snauskallar der. Det er klart at det kan verka støytande for ein skotte stadig å bli omtalt som engelskmann (orsak, menn-eske, orsak person frå England) når han/ho er i utlandet, nett som vi ikkje likar å bli tatt for å vera svenskar i Danmark, men heldigvis finst det mange i dei ovanfornemnde persongruppene som er så trygge på seg sjølve at dei ikkje let seg irritera av ein merkelapp dei har fått. Dei homofile har greitt å ufarleggjera ordet homse ved å bruka det mykje om seg sjølve i offisielle samanhengar. Det svært negative ordet nigger er no mykje brukt om negrar av unge negrar i USA — orsak afroamerikanarar - men det er enno "strengstens verboten" for kvite - orsak kaukasiarar - å bruka det. Nyleg stod ein svart person frå Afrika fram i Dagbladet og sa at han hadde ingenting imot å bli karakterisert som neger - han var jo det - eit svart menneske frå Afrika med krusa hår og tjukkare lepper enn det Ola Normann har.Det er naturleg for folk å bruka ord som karakteriserer korleis andre ser ut: Kvit,svart, brun, skallete,halt, blondine, brunette. Neger kjem frå latin nigra som tyder svart, og har på norsk alltid vore ordet for ein mørkhuda afrikanar utan noko diskriminerande i og for seg. Å kalla dei svarte afrikanarane berre for svarte er problematisk, for ofte er folk frå t.d. Sri Lanka kolsvarte medan negrane kan vera brune. Å kalla dei berre for afrikanarar er også diskriminerande, for i Nord-Afrika bur det arabarar og berberar som ser på seg som kvite av Middelhavs-typen, men samstundes afrikanarar. JOHN SOLBERG, HORDVIK