Leiarartikkelen 21.11. er den mest Hardanger-fiendtlege så langt, og har provosert fleire enn meg. Leiarskribenten let ikkje sjansen som baud seg med dei nye kostnadstala gå ifrå seg, og bodskapen er den same som vi har høyrt før. Indre strok av fylket får klara seg som best dei kan, bru treng dei i alle fall ikkje, medan ytre strok av fylket skal og bør prioriterast. Men kjære leiarskribent, ytre strok har alt fått bruer, fleire til og med, og spør folket der vest om dei vil attende til tida før bruene!

Etter 15 års debatt skulle ein òg ha venta at leiarskribentane i BT hadde lært seg reknestykket rundt finansieringa av Hardangerbrua. Diverre ser det ikkje slik ut. Altså: Om lag 75 prosent er bompengar. Pengar som ikkje finst utan at brua vert bygd. Det resterande er fordelt mellom statlege og kommunale/fylkeskommunale tilskot. Den statlege delen er om lag lik, anten den vert nytta til bru eller til opprusting av ferjesambandet Bruravik-Brimnes. Pengane skal likevel nyttast til kryssing av fjorden. Fylkeskommunen sin del er 70 prosent av dei årlege konsesjonskraftmidlane, pengar som for ein stor del er generert ved hjelp av kraftproduksjon i kommunane Eidfjord og Ulvik. Den kommunale delen er løyvd av fem Hardanger-kommunar pluss Voss og Bergen, og kan ikkje nyttast nokon annan stad.

Dersom vi skal ta BT sin leiarskribent på alvor, skal altså fylkeskommunen ta kraftmidlane, som er generert i indre delar av Hordaland, for å byggja ut nye vegsamband i ytre delar av fylket. Det tykkjer eg er ein kraftig provokasjon, og ei «nedklassifisering» av Hardanger og folket som bur her. Bergens Tidende burde halda seg for god til å prioritera ein del av fylket høgare enn ein annan. Sjølv på leiarplass.

Geir Midtun, styremedlem, Aksjon Hardangerbru