GUNNAR WIEDERSTRØM gunnar.wiederstrom@bt.no— Den sat. No skal vi ta to mandat i Sogn og Fjordane, sier ei oppglødd Navarsete til BT. Signe i fokus Partiet hadde berre 12,2 prosent på den førre målinga i Bergens Tidende. Denne måneden er oppslutninga auka til 18,5 prosent. Og målinga er teken opp etter at Liv Signe Navarsete vart vald til nestleiar i Senterpartiet.- Eg veit ikkje om dette har med meg å gjera. Eg håper det heng saman med politikken vår. Men det har vore mykje fokus på meg i Sogn og Fjordane framføre landsmøtet, og med fokus på folk kjem det og fokus på politikken.- Trur du ikkje folk får større tillit til politikken når dei har betre kjennskap til ein av leiarane?- Dei får vel litt meir tillit av det, sier ho. Stel frå Ap Navarsete satsar alt på at Senterpartiet skal ta to mandat til stortingsvalet til hausten.- Målinga gjev inspirasjon til å stå på, seier Navarsete som og er andrekandidat på stortingslista.Bakgrunnstala til målinga viser at Senterpartiet særleg stel veljarar frå Arbeidarpartiet. Det kan henga saman med at Ap denne gong har nominert to sunnfjordingar på dei to øvste plassane på stortingslista. Frå Sogn var det åtvara mot at partiet kunne tapa røyster nettopp til Senterpartiet.Men Arbeidarpartiet held likevel skansen. Alle parti lek veljarar til Arbeidarpartiet, og det veg opp for veljartapet til Senterpartiet. På sotteseng Framstegspartiet ligg på sotteseng på denne målinga. Oppslutninga om partiet er berre ein tredel av det partiet fekk i fjor haust. Med 9,3 prosent skal Jostein Kvalsvik få slita for å koma på Stortinget. Høgre held sistemandatet i fylket med ein oppslutning på 12,4 prosent.Veljargrunnlaget til partiet er i oppløysing. Berre halvparten av dei som røysta på Frp ved førre stortingsval, seier dei vil gjera det denne gongen. I tillegg lek partiet til konkurrentane. Også KrF slit. Partiveteran Magne Aarøen frå Gloppen toppar lista. Han lyt tåla ein nedgang på 3,4 prosentpoeng til 16 prosent. Men framleis er det god margin til stortingsplass.For dei øvrige partia er det berre små endringar sidan førre målinga.