Ein 17–åring har fått strengaste straffa. Ungdommen slapp unna med tre månaders ubetinga fengsel på grunn av låg alder. Men i tillegg fekk han ei betinga straff på tre månader. Denne vil bli gjort gjeldande dersom 17–åringen gjer nye brotsverk innan to år.

Ein annan av dei valdstiltalte må sone i fem månader, ei straff som er strengare enn det aktor la ned påstand om i rettsaka for Sunnfjord heradsrett. Tredjemann av dei til-talte fekk fire månader. Sistemann slapp unna med 36 dagar.

Valdsbølgja i Førde i sommar og haust skapte sterke reaksjonar. Ved fleire høve angreip Naustdalsung-dommane personar som var meir eller mindre forsvarslause. Under rettsaka karakteriserte aktor Knut Broberg framferda deira som feig og ussel. Spesielt gjeld dette eit tilfelle der ein person vart angripen bak Domus-bygget i Førde sentrum. Alle dei fire var med på overfallet der offeret fekk brote kjevebeinet og låg to dagar på sjukehus.