Det er ingen streng, nådelaus Gud som passer på oss, for det ville vera heilt uoverkommeleg for sjølv ein Gud. Men for syndene, brote på naturlovene, som slår tilbake og straffar oss nådelaust, finst der ingen nåde, tilgjeving. Det einaste vi kan gjera er å venda om, før det er forseint, katastrofa er eit faktum. Då vert alle ramma, så vel den skuldige som den uskuldige, den rettferdige og den urettferdige, for då er vi alle skuldige. Då kan vi ikkje skulda på andre enn oss sjølve, for då har vi alle gjort for lite, til å hindra katastrofa. «Historia er dommedagen», ifylgje Hegel. Livsnormene er naturlovene. Vi må leva i pakt med, underordna oss dei, eller døy. Der finst ikkje noko både og, anten eller, men. Naturlovene, boda er kategoriske, absolutte, bydande. Livsnormene er uløyseleg knytta til vårt tilvære, sjølv om vi som menneske helst ynskte at dei ikkje eksi-sterte, så vi kunne synda med godt samvit. Så våre livsnormer har ingen ting å gjera med vår tru eller vantru på ein Gud. Ingen kan som kjent frå nissen flytte. Livsnormene er såleis ikkje underlagt vår politiske, økonomiske, kulturelle, san-selege, verdslege røyndom, og er heller ikkje avhengige av om det finst ein Gud eller ikkje. Vi har alle fått dei i vår fødsels gåve, og må ta imot dei som den store gåva livet er.

Olav Eide Bygstad