Av Herleiv Halland,

for Interessegruppa mot flybombing i Mjølfjell skytefelt

NATO legg i dag trykk på medlemslanda sine for å vitalisera alliansen og tilpassa seg endringane i den strategiske omgjevnaden. Eit hovudpoeng i forsvarssjefen si militærfaglege utgreiing, er å utvikla militær kapasitet som er skreddarsydd dei nye oppgåvene som ventar. Denne utviklinga må gå fort, og dei europeiske medlemslanda ligg i mange høve langt etter USA. Trykket på alliansen er stort og toppstyrt, der generalsekretær Lord Robertson spelar ei avgjerande rolle (Forsvarsnett 2003).

Noreg og Forsvaret må derfor leggje tilhøva til rette for alliert øving og gjera oss attraktive. Voss/Mjølfjell -Alliert Øvingssenter Sør og Åsegarden — Alliert Øvingssenter Nord er slike øvingsfelt (generalløytnant Thorstein Skiaker, Forsv.nett 5.3.02).

Det synest derfor klart at Mjølfjell Skytefelt først og fremst vert øvingsstad for NATO-allierte.

Det nye og skremmande er at Forsvaret vil oppgradera feltet til å omfatta øving med jagarfly og kamphelikopter i samtrening med bakkestyrkar. Dette er moderne militærøving.

Noreg, Nederland og Danmark skal etter planen læra opp det polske luftforsvaret til å verta kampdyktige på F16. Desse flyskvadronane vil truleg ha base på Ørlandet, som skal bli den største flybasen i Noreg. Og Mjølfjell er utpeika som øvingsfelt for Ørlandet.

Forsvaret skal også innføra eit nytt moderne helikopter, NH-90, som vil kreva mykje øving i komande år (Forsv.nett 2003).

Alle desse opplysningane tyder på at aktiviteten i området vert svært omfattande, og truleg langt utover dei 210 øvingsdagane som ein har i dag. Det vert sagt at ein vil ta omsyn til dei mest aktive periodane med sivil ferdsle, som påske, vinter- og sommarferie, jakt og helgar.

Men i skytefeltet Region øst, ved Rena, der det også skal vera omfattande flyøving utan skarpskyting, skal det berre vera opphald i øving nokre få veker i samband med fellesferien (Forsvarsbygg 2002).

Kva så med alle turistane frå inn- og utland som kjem til Vestlandet i tida mai-september, og dei som vil nyta fjellet haust og vinter?

Nye opplysningar frå Forsvaret fortel at ein av fagmilitære omsyn ikkje vil ha faste innflygingsretningar og ein vil også operera i alle høgder, frå 30.000-500 fot, eller om lag 10.000-150 m over bakken. Dette medfører også flyging i svært lav høgd langt utover noverande grenser til skytefeltet.

Forsvarsministeren svara skriftleg til Stortinget i februar i år: «For at Forsvaret i samarbeid med allierte styrker skal kunne løse oppgaver nasjonalt og internasjonalt, har Forsvaret i økende grad behov for øving og trening med presisjonsstyrte våpen levert fra stor høyde (ca. 20.000 fot) fra fly og helikopter» (spørsmål 294 frå Kjetil Bjørklund, SV, om planane til Forsvaret i Mjølfjell Skytefelt).

Kvifor ikkje informera Stortinget korrekt om dei omfattande planane?

Flyøvingane vil setja krav til sikkerheitssoner utanfor grensene til skytefeltet, og desse sonene vil hindra sivil ferdsle i øvingstid. Slike soner er også mogelege konfliktspørsmål i høve til Nærøyfjorden Landskapsvernområde. Då regjeringa 08.11.02 vedtok dette området, vart det teke omsyn til Forsvaret. Planen om Nærøyfjorden som verdsarvområde legg derfor ikkje restriksjonar på Forsvaret si verksemd (Forsvarsbygg mars 03).

Når det gjeld støy frå fly og helikopter, vert det ikkje stilt krav til fritidsbustader (FOR 2002-10-04-nr. 1089). Det er stadfesta at Forsvaret vil byggja helikopterbase ved militærleiren på Mjølfjell (Forsvarsbygg mars 03). Til sommaren opnar eit flott butikk- og servicesenter like ved militærleiren. Planen om helikopterbase i nabolaget er nettopp blitt kjend. På sin veg til og frå skytefeltet øvst i Såtedalen vil dei passera like over hyttetaket til hyttene i grenda ved jarnbanestasjonen, og med dei opplysningane ein har, kan ein også venta slik aktivitet over Ljosandalen.

I øvingsfeltet på RØ vil Forsvaret leggja 15 prosent av flyaktiviteten til tida 18.00-24.00, så det vert ikkje nett så fredeleg på kveldstid heller.

Berggrunnen i Mjølfjell-området er i hovudsak anortositt, og morenelaga svært tette. Dette gir i liten grad filtrering og nøytralisering av metall og forureining (Universitetet i Bergen). For å hindra omfattande tilsig til vassdrag frå målområde, må ein laga effektive dreneringsgrøfter og kalka område som er tilført udetonert fosfor (Forsvarsbygg, RØ 2002). Slike tiltak gjeld også Mjølfjell.

Det synest klart at ein med stor militær aktivitet vil få auka forureining av det verna vassdraget. Dette vert også eit problem for alle dei som tek drikkevatn frå elva. Hyttegrenda ved Rjoanåni er tufta på gneis og granitt (NGU), og det vert kostbart å bora seg ned om lag 100 m til grunnvatn.

Regionen omkring Mjølfjell Skytefelt er rik på næringar som er viktige for busetnaden og vedlikehaldet av naturressursane. Det gjer også at området er så attraktivt som frilufts- og rekreasjonsområde. Landbruket arbeider med tiltak for å hindra nedlegging av bruk, samt nystarting av gamle gardsbruk og stimulering av bygdeturisme. Hordaland Reiseliv viser at total omsetnad for reiselivet i fylket i 2001 var på om lag 8,5 milliardar kroner og at i overkant av 800 millionar kroner kom frå Voss kommune. Næringa er no inne i ein god og optimistisk periode, med ein vekst i gjestedøger på nesten 10 prosent. Kommunen har planar om å byggja om lag 600 nye hytter.

UNESCO vil truleg snu i døra når planane til Forsvaret vert kjende, og regionen vil mista eit mogeleg kvalitetsstempel som kan bli svært positivt for heile Vestlandet, og landet med.

NATO, Forsvaret og leiinga i Forsvarsdepartementet har bestemt seg for at dei vil ha eit topp moderne øvingssenter i Mjølfjell Skytefelt. Samtidig har dei lagt ned fleire felt kring om i landet. Forsvaret brukar 1,8 milliardar kroner på utvikling av RØ, men må rasera nye område for å ha noko å tilby allierte. Det finst også fleire topp moderne øvingsfelt i Troms og Finnmark.

Det er etter Forsvarsbygg uvisst om bruksendringa vil gi nye arbeidsplassar.

Vi forstår at Forsvaret må øva og forsvarsviljen hjå vestlendingane har til no vore god. Vi har i mange tiår vore vande med Forsvaret i Voss. Dialogen har vore god og med få problem.

Vi ønskjer framleis å ha ein positiv sameksistens med Forsvaret.

Vi kan likevel ikkje akseptera at Forsvaret oppgraderer skytefeltet med fly- og helikopterbombing. Det er på høg tid at folk og folkevalde får augane opp for kva som skjer, og at dei verkeleg set seg grundig inn i saka. Dette er eit øvingsfelt i tettbygd område.

Vi kan ikkje selja naturarven vår og øydeleggja for heile regionen.