TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no Førde

I dag kan det verte fleire arrestasjonar, etter det Bergens Tidende kjenner til. Avhøyr i Eid Dei tre sist pågripne sat torsdag ettermiddag i avhøyr på lensmannskontoret i Eid. Det er Eid-lensmann Vebjørn Moa som samordnar den omfattande narkoetterforskinga. Dei tre er alle i 20-åra, og frå Eid kommune. Tidlegare er det gjort pågripingar fleire stader i Nordfjord. Det er opplysningar som har komme fram i etterforskinga av den omfattande narkosaka, som gjorde at politiet henta dei tre inn til avhøyr. Dei skal alle ha kjøpt narkotiske stoff frå personane politiet meiner er hovudmennene i narkoligaen. Hovudmenn frå Stryn? Politiet mistenkjer tre personar frå Stryn for å vere hovudmennene, og at stryningane gjennom lang tid har forsynt store deler av Nordfjord med narkotiske stoff. Den eine av hovudmennene vart pågripen i Oslo. Han har i politiavhøyr vedgått å ha selt hasj fleire stader i Nordfjord. Dei første arrestasjonane i denne saka skjedde sist veke.