Dei 12 personane har vedgått kjøp, sal eller bruk av til saman 3,5 kilo hasj. I tillegg kjem ein del amfetamin og ecstasy. Og no har politiet tatt den dei meiner er hovudmannen bak narko-forsyningane som hittil er avslørt, for sist torsdag vart ein opphaveleg nordfjording som politiet antar er hovudmannen, pågripen i Oslo. Han vart sett fri etter å ha vedgått narkohandel. Mannen som vart pågripen på Eid i går er vel 20 år gammal, og nummer tolv i rekka. Og politiet reknar med fleire pågripelsar i tida framover.