OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordDen einaste butikken i Fusa-bygda får saman med seks andre grendeforretningar i Sogn og Fjordane og Hordaland lov til å vera kommisjonær for Norsk Tipping. Sjølv om dei eigentleg er for små, etter tippeselskapets strenge forretningsmål.Det er gjennom Kulturdepartementets Merkur-prosjekt Norsk Tipping har gått med på å gje 13 nærbutikkar i distriktet løyve til å vera spelkommisjonær. I fjor kom 12 distriktsbutikkar med i prøveordninga.— Vi mista tippinga då det kom online for rundt åtte år sidan. No er vi svært glade for å få det tilbake igjen. Det er særleg helgehandel vi har gått glipp av som følgje av at vi har mangla tippinga, seier Mona Dalland. Ho håpar kundane kan tippa fotball og spela Lotto i butikken frå midten av mai i år. Butikken sysselset tre personar.I Sogn og Fjordane får Matkroken i Veitastrond i Luster tilgong til tippetenesta. I Hordaland gjeld det det Buo Landhandel på Bjoa i Ølen, Åkrafjordtunet ved Markus i Etne, Nærmat på Onarheim på Tysnes, Brødrene Dalland i Strandvik i Fusa, Bjørndal Handel i Tyssebotnen på Osterøy, og Haugsvær Mat på Haugsvær i Masfjorden.Marknadssjef Tom Erik Hovde i Norsk Tipping understrekar at selskapet har gått med på å gå inn i ein prøveperiode med mindre nærbutikkar etter initiativ frå Merkur-prosjektet, som skal fremja interessene til små utkantbutikkar.Frå før er 12 utkantbutikkar med i eit tilsvarande Merkur-prosjekt. Prøveperioden varer i eitt år. Første halvårsevaluering var positiv, ifølgje Hovde.