OLAV KOBBELTVEIT

Det er ikkje kampen for å bli nominert til fylkestinget som pregar det politiske livet eit år før lokalvala neste haust. Prestisjen rundt fylkespolitikken har aldri vore påtrengjande, men kommunalminister Erna Solberg er i ferd med å fjerna restane av han. Ho fekk rett nok god hjelp av eit Arbeidarparti som trudde lukka låg i eit statsdrive sjukehusvesen. I same slengen fjerna dei storparten av meininga med livet for fylkespolitikarane.

Etter at den bånnplanken vel var borte kom Høgres kommunalminister på banen, og siste året har Erna Solberg gjort sitt ytterste for å så tvil om framtida for fylkeskommunen. Vi kan vel sei at ho langt på veg har lukkast. Verbale protestar frå eit underdaning KrF har blitt borte med vinden.

Direkte val til fylkestinga har vi hatt sidan 1975, og i utgangspunktet var det tunge oppgåver som vart lagd til det tredjeforvaltningsnivået. Fylkespolitikarane skulle, på vegner av staten, grovt sett handtera helse, skule og samferdsle inkludert kollektivtrafikk. Her var sjukehusa den tunge og krevjande posten.

Gjorde god jobb

I drygt 25 år har fylkespolitikken fungert som ein effektiv buffer for stortingspolitikarar og regjeringar som helst ikkje ville ha eit misnøgd folk inn på Løvebakken. Det var særleg helsepolitikken som svikta, med endelause pasientkøar og overfylte korridorar. Fylkespolitikarane tok støyten. No viser ferske rapportar at fylkespolitikarane har vore svært flinke og effektive driftarar av sjukehusa våre — innanfor alltid knappe budsjett. Om staten blir ein like effektiv sjukehuseigar er heilt i det uvisse. Mykje tyder på at fylkespolitikarane også på dei andre områda har gjort ein god jobb. Den vidaregåande skulen i Hordaland har nesten berre godt å seia om Hordaland fylkeskommune. På samferdslesektoren, særleg her i Hordaland, har mykje tid og krefter gått med til ein maktkamp med Vegkontoret. Ofte har Vegkontoret vunne. Den fylkeskommunale omtanken for kollektivtrafikken har vore veksande. Men sentrale nedskjeringar har forhindra suksessen.

Sentralmakta har sett på fylkestinga som ein reiskap til å setja gjennom statens politikk. Sentralmakta gav til dels tronge rammer, som fylkespolitikarane skulle operera innanfor. Ein permanent pengemangel gav fylkespolitikarane magre vilkår for å trø utanfor det mandatet staten hadde gitt dei. Men dei har ikkje prøvd heller. Fylkespolitikarane har i hovudsak godteke at dei skulle opptre som lojal - og i praksis litt passiv - tenesteprodusent på statens vegner. Det har truleg vore til stor skade for utviklinga av norske fylke og regionar.

Uløyste Vestlands-oppgåver

Ein annan modell kunne vera at politikarane på regionalt nivå prøvde å bryta ut av den tvangstrøya staten hadde påført dei. Det ligg endelaust av uløyste oppgåver i ein Vestlands-region som økonomisk og folketalsmessig sett har styrke til å løfta seg sjølv ut av statens grep. Kvifor skal staten bestemma kor fort og korleis Vestlandet skal løysa sine mest påtrengjande problem? Skal vi måtta venta på statlege løyvingar for å få ein ferjefri stamveg frå Bergen via Sunnhordland til Haugesund og Stavanger? Det vil i beste fall ta 35 år. Dersom det likevel skulle visa seg at ein høgfartsbane mellom Bergen/Stavanger og Oslo let seg realisera, er det ikkje Vestlandet som må driva fram eit slikt prosjekt?

Staten skal fordela sine midlar rettvist og rimeleg, slik at særleg dei som ikkje har evne til sjølv å løysa utfordringane, får statlege pengar. Det er eit godt prinsipp. Men då har Vestlandet den fordelen at vi har rikeleg med ressursar, av nær sagt alle slag, slik at vi på eigen kjøl kan løysa oppgåver som staten ikkje ser seg i stand til å kosta. Bør vi få lov til det? Eller skal vi ikkje få utvikla oss meir enn det sentralmakta i Oslo til ei kvar tid synest er rimeleg?

Men har vi viljen?

Det er slike tankebaner som blir dominerande på eit seminar i Stavanger Forum komande torsdag. I Europaunionen flyttar avgjerdsmakta ut i regionane - etter det såkalla subsidiaritetsprinsippet - medan vi i Noreg går motsett veg. Frå Storbritannia kjem uttrykket governance, som viser til eit samspel mellom det offentlege, næringslivet og kompetansemiljøa på blant anna regionalt nivå. Kan det vera eit forsøk verdt i ein Vestlandsregion frå Sunnmøre til Egersund?

Ofte kjem det gode ting ut av ei krise. Det tredje forvaltningsnivået i Noreg er på full fart inn i krisa, og ingen veit kor det endar. Vi kan leggja til grunn at sentralmakta ikkje ønskjer å gje frå seg meir makt til regionane. Oppstår det eit regionalt vakuum er det mest sannsynleg at staten rykkjer inn og fyller det.

Det som gjer dette spennande for oss vestlendingar er det faktum at Vestlandet er den regionen her i landet som kan visa mest musklar - dersom han vågar. Vi har naturressursane. Vi har folket. Vi har kompetansen. Vi kan utvikla ein region som kan stå tryggare på eigne føter - til beste for heile landet. Spørsmålet er om vi har viljen.