Thorbjørn Jagland er «over the hill» i norsk politikk. Det er ikkje eine og åleine Verdens Gangs skuld eller forteneste – alt ettersom – men sanneleg har avisa gjort ein formidabel innsats for å fjerna Jagland frå toppen i norsk politikk. Først gjorde dei livet som statsministerkandidat uuthaldeleg for han.

Alle som las Noregs største avis hausten 1999 måtte tru at mannen langt på veg var udugeleg og ute av stand til å vera statsminister i Noreg. I alle fall fekk dei eit bestemt inntrykk av at mannen var så omstridd i Arbeidarpartiet at det ville vera til stor skade for partiet om han heldt fram som statsministerkandidat. Vidare skreiv avisa sakene sine slik at ingen kunne tvila på kva framgang og lykke som venta Arbeidarpartiet dersom Jens Stoltenberg vart ny frontfigur.

For Jagland sjølv vart dette så påtrengjande at han ikkje fekk gjort gagns arbeid. Han trekte seg, og overlet til Jens Stoltenberg å vera statsministerkandidat. Sjølv ville han ta hand om partiet.

Jens Stoltenberg vart statsminister, men har så langt ikkje vore noka lukke for Arbeidarpartiet. Vi kan vel seia tvert imot.

Men jamvel om det er Jens Stoltenberg som må bera storparten av ansvaret for Aps forlis, så er det Thorbjørn Jagland som er gjort til syndebukk. På nytt var det VG som drog i gang kampanjen, blant anna ved utstrekt bruk av anonyme kjelder. Sentrale partifolk opp til statsrådnivå fekk anonymt kasta dritt på partileiaren sin gjennom VGs spalter.

Allern diskvalifisert

Mange pressefolk har reagert negativt på VGs hardkøyr og metode. Men det var først då medieforskar Sigurd Allern kom på banen at det vart fart i sakene. Han er ein takknemleg motstandar for VG, fordi han ein gong var leiar i det revolusjonære AKP (m-l) 1973-75, og sånn sett har ein del uheldige standpunkt på samvitet. For VGs leiarskribentar er mannen for all framtid diskvalifisert frå å ha meiningar om norsk presse. Difor tek landets største avis seg bryet med å skriva ein hovudleiar der det på det sterkaste blir åtvara mot å gje Allern det utlyste professoratet i journalistikk ved Universitetet i Oslo. Det skal vera straffa for å ha vore leiar i AKP (m-l) og for å ha retta offentleg kritikk mot VGs journalistikk.

VGs hardtslåande leiarar står i skrikande kontrast til meir ettertenksame og analytiske kommentarar om temaet «anonyme kjelder» i andre norske aviser. Til og med generalsekretær Per E. Kokkvold i Presseforbundet tillet seg ein varsamt kritisk merknad til VGs kjeldebruk (innlegg i VG), men først etter å ha vore innom same pliktøvinga som VGs leiarskribent: Hugs at «Sigurd Allern var i en årrekke sentral i en bevegelse som hyllet all verdens menneskeslaktere, bare de passet på å heise det røde flagget over skafottet».

Også Steinar Hansson frå Ny Tid, Dagbladet og Dagsavisen gløymer sine analytiske evner og kastar seg på hylekoret mot Allern. Som kjent er det ingen som ber større agg til AKP-arar enn tidlegare SV-arar, og det var Allern som skulle til for å samla erkefiendane Versto og Hansson under same fane. Dagbladet grisar til

Det er altså ikkje i Akersgata Allerns mediekritikk kan venta støtte. Dagbladet prøver til overmål å gje ein ideologisk overbygning til den anonyme kjeldebruken. I praksis grisar Dagbladet det heile ytterlegare til ved å lata anonyme kjelder peika ut kven dei meiner har vore anonyme kjelder i Ap-leiarstriden. Avisa gjer ikkje greie for om påstandane er korrekte. Nei, for det er det ingen som veit. Og veikskapen ved den anonyme kjeldebruken blir overtydeleg: Dette let seg aldri etterprøva. Vi kan ikkje koma til botnars i om slarvet og baksnakkinga er løgn eller sanning.

Bergens Tidende prøvde å problematisera bruken av anonyme kjelder i politisk journalistikk. I intervju med BT var Kokkvold prisverdig klår, og uttala seg sterkt kritisk til fenomenet. Han synest vi treng ein debatt om dette no. Men då blir politisk redaktør i VG «rystet», og meiner VGs ytringsfridom er i fare. Og korleis nokon kan kome på den tanken at VG driv kanpanjejournalistikk, ja, det ligg utanfor Verstos fatteevne. Det har VG nemleg aldri gjort. Seier Olav Versto.

VG står fritt

Olav Versto og VG står fritt til å skriva harmdirrande leiarar om Sigurd Allern. Olav Versto står fritt til å meina at Thorbjørn Jagland er ueigna som statsministerkandidat og ubrukande som partileiar i Arbeidarpartiet. VG står fritt til å driva kritisk journalistikk mot Thorbjørn Jagland. Men korkje Versto eller andre må bli forundra over at andre oppfattar det som reinhekla kampanjejournalistikk.

Den anonyme kjeldebruken er det fleire enn Sigurd Allern som sterkt kritisk til. Den kritikken må VG leva med. Og det er fleire enn eg som meiner at VGs hardkøyr mot Thorbjørn Jagland er eit eklatant døme på kampanjejournalistikk. At generalsekretæren i Norsk Presseforbund ikkje ser det, får vi andre notera oss.

Men dei som for tida driv med maktforsking – også rundt mediene – burde kanskje sjå nærare på tilfellet Jagland. Då hadde vi kanskje fått ein friskare debatt enn det gjespet som kom etter studien om mediemakt før jul.