Siste tida er det nok ein gong kome for dagen at det vedtaket fylkestinget fatta 15.06.2000 vedk. fylkesdelplan for Kyststamvegen Stord-Halhjem framleis skaper frisk debatt. Her er det nok å visa til det folkemøtet som vart halde i Grendatun på Tysnes 20.02. d.å., der meiningane var sterke og delte.

Mellom anna kunne me lesa følgjande referert frå dette folkemøtet:

Eit meiningslaust prosjekt:

«Fleire av dei frammøtte meinte det var meiningslaust å byggja ein Kyststamveg frå Hodnanes til Våge-området med nytt ferjeleie der. Kvifor bruka milliardbeløp på eit slikt prosjekt når vegen til Sandvikvåg og ferjeleiet der kan rustast opp og gjera same nytten?

Der kjem dessutan snart raske, store gassferjer. Pengane til eit gigantprosjekt over Tysnes bør heller brukast til andre samferdselsføremål. I staden er det behov for ei bru over Langenuen og ein veg på austsida av Tysnes i samband med ein indre ferjefri riksveg.»

Med utgangspunkt i dei vedtak og planar som i dag ligg føre på kort og lang sikt, finn ein all grunn til å retta ein del kritiske og etter vårt syn nødvendige spørsmål i denne saka.

Vedtaket fylkestinget fatta i juni år 2000, inneber at Kyststamvegen Stord-Halhjem skal kryssast med bru frå Jektevik til Hodnanes. Vidare skal det òg på sikt opparbeidast ny veg med E 39-standard på austsida av Tysnes og fram til Våge.

I eit eige punkt har også fylkestinget gjort vedtak om at det snarast vert sett inn hurtigferje på strekninga Halhjem-Sandvikvåg, men at desse vert flytta til sambandet Våge-Halhjem så snart brua over Langenuen er bygd. På dette viset løyser ein ut ferjefritt vegsamband over Tysnes og Fusa med påkopling på E 39 sør for Bergen.

I bladet Sunnhordland av 11. mars d.å. kan ein lesa at nye E 39 frå Vistvik til Sandvikvåg no skal ut til høyring, og her legg ein opp til ei vegutviding og utbygging kostnadsrekna til 59 millionar i 2001-kroner.

Etter vårt syn kan ein ikkje lukka augo att og lena seg bakover når ein les dette, her må ein forsøkja å sjå ting i nærare og større samanheng. Kanskje kan det òg vera nødvendig å leggja litt prestisje til sides.

Kva meining kan det vera på kort sikt å ta ei storsating på vegen Jektevik til Sandvikvåg med gang og sykkelveg med E 39-standard, og så om nokre år flytta denne trafikken over Langenuen og Tysnes.

I dag har t.d. fitjarbuen kort og hurtig forbindelse til Bergen, og enno betre vil det verta når me om få år får hurtigferje frå Sandvikvåg til Halhjem.

Har t.d. politikarane i Fitjar tenkt grundig nok over framtidige konsekvensar, og kva standpunkt har dei teke til eventuell omlegging av E 39 frå Jektevik til Våge?

Etter vårt syn er det framtidsretta politikk når me no set i gang og rustar opp E 39 til Sandvikvåg, og deretter satsar på hurtigferje til Halhjem.

Me kan slutta oss til at det i framtida bør byggjast bru over Langenuen, men ikkje med den føresetnad at trafikkstraumen på E 39 då skal gå over Tysnes.

Det mest fornuftige synest vera at ein først rustar opp vegen på austsida av Tysnes til stamveg fram til Våge-området, og derifrå i nødvendig grad òg rustar opp vegane i indre delen av Sunnhordland.

Etter vårt syn er det å starta i feil ende når ein alt no legg ned stort og omfattande planarbeid med tanke på bru over Langenuen Dette prosjektet bør utstå til vegtrasé på austsida av Tysnes er planlagt og ferdig. Det snakkast så ofte om at det frå politisk hald vert feilprioritert, ja, kan det vera tvil om det? Dette skjer på alle sektorar i samfunnet, ikkje minst på vegsektoren. Me er vitne til at det skal byggjast nytt operabygg i Oslo, og her er kostnaden i dag stipulert til ca. 3,7 milliardar.

I tillegg må vegføringar leggjast om i Bjørvika, og prisen på dette eventyret kjenner me ikkje i dag.

Men ein ting veit me og kan slå fast, me lever i eit land med rasfarlege vegar som medfører ras og vonde ulukker.

Nyleg vart me fortalt at det på ein strekning i indre Hardangar på 29 km krevst 18 rasutbetringar. Det står om pengar seiest det, men det står òg om liv.

Me forstår godt at fylkesordføraren tek turen til Oslo og ber om pengar til distrikta, og fleire med han er ottefull for at kostnadene med nytt operabygg går ut over m.a. vegutbetring i distrikta.

Underskrivne meiner at dei enorme investeringane som krevst med bygging av bru over Langenuen, ny E 39 over Tysnes og flytting av ferjeleie til Våge er ein total feil bruk av samfunnsmidlar.

Ein nyopprusta E 39 frå Jektevik til Sandvikvåg med hurtiggåande gassferje på ca. 30 min. vil vera kommunikasjons— og samfunnsmessig fullt ut tenleg.

Difor bør fylkespolitikarane gå bort frå vedtaket om nytt veganlegg E 39, frå Hodnaneset til Våge.

Fylkespolitikarane våre bør no leggja tyngde bak, og få gjort noko med dei mest rasfarlege vegane i indre Hardanger.

Tysnes bør likevel på sikt få utbetra vegane på austsida, og med tida også bru over Langenuen.

Av Håkon Grov og Ingolv Rimmereid, Stord