I USA sit det ein president som førde valkamp på å gjenreise dei gode, gamle amerikanske familieverdiane. Vår eigen statsminister har i heile sitt politiske liv hatt familiepolitikken som sitt retoriske glansnummer. Bak denne retorikken ligg draumen om ei svært enkel løysing på alvorlege problem.

DET ER DRAUMEN OM Å GJENREISE den tradisjonelle kjernefamilien frå 1950-åra. Foreldre skal tvingast til å ta vare på borna sine. Dersom dei ikkje gjer det, skal dei straffast. Årsaka til problema er liberaliseringa av samfunnet, den seksuelle revolusjonen og svekka stilling for ekteskapet.

Det er ei hjelpelaus, utilstrekkeleg analyse. Og løysingane har synt seg å vere upraktiske og ineffektive. Kontantstøtta skulle vere eit bidrag til å gjenreise tradisjonelle familieverdiar. Nå syner det seg at den ikkje fører foreldre attende til heimen, men utløyser nye fantasifulle, improviserte omsorgsløysingar og driv opp det private forbruket. Det går ingen veg tilbake til 50-åra. Kjernefamilien og ekteskapet står vel ikkje så mykje svakare enn før. Men mor er komen ut i arbeidslivet for å bli der. Familieverdiane endrar seg. Den gamle medisinen verkar ikkje.

VANSTELTE OG SKAKKØYRDE BORN kan vere nokså ufordragelege. Dei lyg og stel. Dei har lite respekt for autoritetar, mislikar skulen og er ofte valdelege. Den tradisjonelle, konservative løysinga på dette er å sende dei attende til familien. Men alle som arbeider med slike born, veit at i svært mange tilfelle er familien sjølve årsaka til problema. Familien er ikkje bandasjen, men såret. Valdelege overgrep mot born, seksuelt misbruk, dårleg kosthald og utilstrekkeleg stimulans og læring finn oftast stad i våre dagars versjon av den tradisjonelle kjernefamilien. Å leggje hovudansvaret for borns velferd i denne institusjonen, er eit overgrep. Kampen mot organisert kriminalitet er på moten nå. Men før vi brukar alle våre krefter på den kampen, bør vi huske at framleis er over 90 prosent av all kriminalitet lokal. Svært mykje av den finn stad innanfor familien.

Eg har omsorgsansvar for små born. Eg er dessutan så privilegert at eg nå har tid til å vere saman med dei og følgje dei dag etter dag. Etter beste evne prøver eg å gjere det ein bra far skal gjere i form av å lese og syngje med dei, ta dei med ut i naturen og lære dei ansvar og sjølvkjensle. Men kvar einaste dag må eg konstatere at eg er håplaust underlegen i forhold til dyktige barnehagefolk når det gjeld å utføre slike arbeidsoppgåver. Eg er tilhengar av følgjande program: Det er viktig med ei god mor, men ho kan aldri erstatte ein bra barnehage.

EITT AV MINE BARNDOMSMYSTERIER var at ungane på sørsida av Sognefjorden som gjekk på skulen annankvar dag, lærde like mykje som oss som måtte gå kvar dag. Seinare har eg lese analysar av den gamle landsfolkeskulen som legg stor vekt på den læringa ungane fekk når dei ikkje var på skulen, men var med i det daglege livet på gardane. Eg har dessutan dei siste vekene fått inn på livet eit anna svært interessant moment. Mine femåringar har byrja på skulen. I nokre veker har eg sett at dei har eit fantastisk privilegium fordi dei går i ein fådelt skule. Det forunderlege samveret med fleire årskull i skulestova og i fritida, har illustrert at noko av borns viktigaste læring får dei frå andre born. No ser eg at nyare amerikansk forsking har kome fram til det same. Femåringane lærer meir, er mindre utsett for mobbing og etablerer raskare gode rutinar fordi dei dagleg har tett samvere med eldre born.

DERSOM VÅR DAGSORDEN er at barnas velferd og tryggleik er det viktigaste i eit godt samfunn, er familien berre ein av mange viktige faktorar som kan bidra til det. Stilt overfor våre dagars skakande overgrep mot born, har sjølv barne— og familieminister Laila Dåvøy berre eitt godt svar: Ho vil sjå på om lovgivinga gir godt nok vern for borna. Dermed går ho inn i den lange tradisjonen som legg hovudansvaret for bornas velferd på eit større fellesskap enn familien. Johan Castberg heitte ein svært interessant politikar i det førre hundreåret. Han fekk namnet sitt knytt til barnelovene. Med våre dagars mål var ikkje desse svært radikale. Dei stadfesta rettane til born fødde utanfor ekteskap. Dei gav vern for born med foreldre som ikkje budde saman og økonomisk hjelp til ugifte kvinner som skulle ha born. I samtida, dvs. rundt 1915, var desse lovene dynamitt. Ein brei front av konservative skulda Castberg for å undergrave familien. Men dei vart vedtekne. Dermed tok det norske samfunnet eitt av sine lange steg mot meir sivilisasjon.

KORKJE FAMILIEN ELLER UTVIDA offentleg ansvar er fullgode svar på dei utfordringane borna representerer i vårt meir komplekse og mangfaldige samfunn. Dette er eitt av dei områda der eg trur mest på å aktivisere det såkalla tredje nivået utanfor stat og marknad. Svært mange born blir berga av frivillig innsats når både familien og det offentlege apparatet sviktar. Men etter skakande nyhende og harde debattar dei siste dagane sender eg for min del ein vennleg tanke til alle barnehagetilsette som trass i dårleg betaling synest dei har verdas viktigaste og finaste yrke. Eg helsar alle gode lærarar som ikkje brukar det meste av tida si til å studere lønnsregulativ. Så sender eg min solidaritet til alle som sit på uriaspostane i barnevernet og som handlar ut frå eit einaste overordna prinsipp: Omsynet til borns beste.