Debatt

Gunnstein Akselberg

Det er ikkje alltid enkelt å formulera seg slik at ein når fram med bodskapen ein sender frå seg, og ofte kan det vera vel så vanskeleg å oppfatta bodskapen ein tek i mot — same kor klar han kan synast å vera.

Torsdag 28. november hadde Bergens Tidende eit oppslag om talemålstilhøva i Hordaland som mellom anna sette talemål og regional identitet i fokus. I oppslaget kom det fram at underteikna hadde fortalt journalisten i avisa at «Sotra har virkelig hatt problemer i møte med bergenserne. De har stått med luen i hånden helt fra før krigen».

Søndag 1. desember tok Henrik Færevåg til motmæle mot utsegna i den faste helgespalta si i BA, og laurdag 7. desember hadde Olav Kobbeltveit ein lengre kommentar til den same utsegna i Bergens Tidende. Kobbeltveit legg vekt på at underteikna ikkje har forstått kva saka handlar om, mest av di eg ikkje har opplevd ei massiv innflytting av bergensarar til mi eiga heimbygd, og av di eg ikkje kjenner den viktige rolla som den lokale identiteten spelar for innbyggjarane på Sotra og i andre nabobygder til Bergen.

Denne gongen var diverre ikkje tilhøva slik dei to journalistane trudde. Dei vart nemleg lurde opp i stry av ein annan bergensjournalist. I samtalen eg hadde med den dyktige journalisten i Bergens Tidende, Eir Stegane, var vi inne på mange og ulike sider ved talemålstilhøva i Hordaland i dag. Bergens Tidende skal forresten ha stor ros for at avisa tar opp viktige tema som det norske talespråket, og for det gode samarbeidet vi har med avisa i den samanhengen. Eg fortalde Stegane mykje om prosjektet Talemå l sendring i Noreg (TEIN) som akkurat er avslutta, om skilnadene i talemålsutviklinga på Austlandet og på Vestlandet som vi til no har visst lite om, om talemålsregionalisering og om den mangslungne talemålsutviklinga i Bergens-området. Talemål og identitet vart eit viktig tema.

I den samanhengen trekte eg fram Sotra som eit døme. Eg fortalde Stegane at fram til 2. verdskrigen kunne mange ha ei oppfatning av at sotrabuen kunne stå med lua i handa når han møtte bergensarar. Dette er ei oppfatning som mange har stilt seg tvilande til, fortalde eg. Saka tok vi forresten opp i det første bandet av den nye bygdeboka for Fjell kommune, allmennsogebandet Det stig av hav ... (1996), der eg er medforfattar (vi arbeider no med gards- og ættesoga for Fjell). Det viser seg nemleg at det ikkje er så mykje gale med den lokale identiteten til sotrabuen heller i dag, derimot har den bergenske tilflyttinga hatt mykje å seia for talemålsutviklinga på øya. Dette fortalde eg Stegane, men så oppfatta ho meg stikk motsett, og difor vart oppslaget i Bergens Tidende som det vart.

Når det gjeld krigen som Kobbeltveit refererer til, så er det rett at eg ikkje har vore særleg aktivt med i han, men eg har observert han på sidelina i over 30 år - frå 1971. Dessutan har eg budd i krigssona i over 20 år, og har til og med tatt del i einskilde trefningar (gjeld m.a. kampen om normering av veg- og gatenamn i området).

I samtalen med Stegane la eg difor vekt på at talemålsutviklinga rundt Bergen er sterkt prega av «talespråkleg kolonisering», ved at bergensarane flytter ut og slær seg til i bustadfelt m.a. på Sotra, Askøy og Lindås. Talemålsutviklinga i nabobygdene til Bergen by er nemleg sterkt prega av talespråkleg kolonisering. I nærområda til Bergen er det hovudsakleg talemålsbrukarane som flytter på seg. Dét er eit viktig skilje frå talemålsutviklinga i nabobygdene til hovudstaden, der det hovudsakleg er talemålet som er på flyttefot. Dette var eit av dei viktige poenga eg ville formidla til Stegane.

Det er ikkje alltid så lett å få med seg alle detaljar i ein lengre telefonsamtale, sjølv ikkje for ein av dei unge, kunnskapsrike og dynamiske journalistane. Då kan resultatet fort verta at den eine journalisten kan koma til å lura den andre.

Mistydinga denne gongen førte likevel mykje godt med seg. Innlegga til Færevåg og Kobbeltveit er førebilete. Dei har gjeve oss større innsikt i og kunnskap om språkhaldningar, språkleg identitet og språkbruk. Det er eg svært glad for.