OLAV KOBBELTVEIT

Alt var mykje enklare før. Og vi skal ikkje så langt tilbake heller. For nokre få landsmøte sidan stod Ap-leiar Thorbjørn Jagland i Folkets Hus og proklamerte at politikkens sfære måtte utvidast. Det var eit direkte spark til Høgre, som lenge hadde teke til orde for å minimalisera det politiske landskapet og overlata store delar av politikken til marknaden. I alle fall i dette sentrale spørsmålet stod dei to partia for diametralt motsette syn.

Argentum til Oslo

Tysdag skreiv Dagens Næringsliv (DN) ein artikkel om politikarar som knurrar fordi dei ikkje likar at den 43-årige sjefen for Argentun Fondsinvesteringer AS, Jørgen Kjærnes, får så feitt betalt. Bladet sit inne med opplysningar om at han får ei årsløn på oppunder to millionar kroner, eller rundt rekna to og ein halv gonger det statsministeren får. Det vil han ikkje stadfesta i ein samtale med DN, men viser dei til styreformannen. Han heiter Tormod Hermansen, Arbeidarpartiets gullgut, og han har som kjent viktigare ting å gjera enn å snakka med journalistar.

DN skriv også at det har vekt reaksjonar på ministerplan «at det statseide selskapet ble lokalisert til Oslo i stedet for en regionby som Bergen. Selv Høyre-statsråder misliker å tape for markedet i Argentum-saken». For Dagens Næringslivs journalist står det nokså klårt at det Bergen har fått er eit underkontor av hovudkontoret i Oslo. Kanskje er det rett?

Spørsmålet er kven som i så fall skal gjera noko med det. Næringsminister Ansgar Gabrielsen? Nei, han er fullt ut innforstått med at han ikkje kan gripa inn. For med dei nye strukturane er det blitt relativt stor avstand og fleire ledd mellom ministeren og den daglege leiaren i Argentum. Argentum er eigd av SIVA og SND. Det er desse eigarane som har valt sjarmtrollet Tormod Hermansen til styreleiar i Argentum. Hermansen ser romsleg på vedtaka i SND og SIVA om å plassera hovudkontoret for Argentum i Bergen — det viktigaste er som kjent å få topp kompetente folk som kan gje fondet høg avkastning. Å slåst mot slike argument er som å slåst mot tyngdekrafta.

Frikopla frå politikken

SIVA er i dag eit såkalla statsforetak. No krev toppsjefen at SIVA blir omgjort til aksjeselskap. Han meiner statsforetaket er for sidrumpa og tungvint for eit aktivt SIVA som vil kasta seg rundt i ein fart. I så fall blir bortfallet av politikarmakt endå meir påtrengjande.

Han får det sikkert som han vil. Problemet er at dei fleste av desse vedtaka - som frikoplar Telenor, Posten, SND og SIVA osb. frå politisk kontroll - er gjorde med Arbeidarpartiets velsigning. Det same gjeld privatiseringa av Statoil og nedsalet av statleg eigarskap i Hydro.

Det norske finansvesenet - eller det som er att av det - endrar seg no fortare enn folk flest får med seg. Dei store et opp dei små, og når dei store er blitt større, kjem det endå meir kapitalsterke liebhabarar frå andre land. Som i Hakkebakkeskogen: «Man spiser hverandre, og ferdig med det.» Fokus Bank hamna i Danmark. Kreditkassen vart slukt av svenske MeritaNord-banken, som i dag kallar seg Nordea. Begge oppkjøpa trassa det vesle som fanst av norsk politisk vilje. Den var så liten at avmakt er eit meir dekkande uttrykk.

«En guffen visjon»

No står Handelsbanken for tur, dersom ein eller annan vil betala nok. Og Storebrand. Og DnB? Ja, kvifor ikkje. Då er Noreg pr. definisjon ein finansiell filial utan eit einaste hovudkontor. «En guffen visjon», skriv kollega Stein B. Hauglid i DN, og skundar seg difor å leggja til at - og her meir enn anar vi eit heldigvis - slik vil det ikkje gå. Fordi staten har ein så stor eigarpost i DnB. Og fordi vi har sparebankane.

Men då glir den gode Hauglid - litt lettvint - bort frå det prinsipielle. For han og avisa hans meiner prinsipielt at staten bør selja seg ut av DnB, og i så fall er det kort veg til at DnB hamnar på utanlandske hender. Det vil i så fall liberalisten Hauglid applaudera, prinsipielt. Endå om han vedgår at det er litt guffent å tenkja seg nasjonen Noreg utan ein tung finansinstitusjon med hovudkontor i Oslo.

Det synest Kåre Willoch også. Men dersom norske politikarar avviklar det statlege engasjementet i DnB er det knapt mogeleg å forhindra at banken hamnar på utanlandske hender. Det kan Stein B. Hauglid leva med. Men kva med oss andre? Og nasjonen Noreg?

Politikarane får som fortent

Det var ei tid då strukturen i norsk finansvesen var tema på Løvebakken. Det var ei tid då politikarane fastsette renta. Det var ei tid då politikarane kunne vedta at ein institusjon skulle plasserast i Bergen - og så vart det slik. Det hadde sine sider, det er så, og ikkje alle var like gode. Difor er det nok like godt at vi ikkje kjem tilbake dit. Men kan vi ha gått for langt andre vegen?

No er det kravet til lønsemd som er det alt overordna rammevilkåret frå politiske styresmakter. Difor kan Telenor og Posten og resten stort sett gjera som dei vil. Som sjef i Telenor gjekk Tormod Hermansen i forhandlingar om å fusjonera det statseigde selskapet med svenske Telia - bak ryggen på sentrumsregjeringa. Det var tilstrekkeleg - meinte Hermansen - å informera eigne partifeller i Ap. Han slapp med ein mild korreks. No legg han hovudkontoret til Argentum Fondsinvesteringer til Oslo. Og slepp unna med det.

Men politikarane - frå Arbeidarpartiet til Høgre - bør halda seg for gode til å syta og klaga over at Tormod Hermansen ikkje gjer som dei vil. Dei har med vitende vilje innskrenka den politiske sfæren og gitt makta frå seg. No får dei som fortent. Kanskje vi andre også?

POLITIKKENS AVMAKT: Når politikarane gir frå seg makta er det folk som Tormod Hermansen som rykkjer inn og tek over styringa. FOTO: SCANPIX