• Jeg vet at jeg er paranoid, men jeg skjønner ikke at folk skal forfølge meg av den grunn, sa Darwin P. Erlandsen. Lars Sponheim ser spøkelse ved høglys dag, men småpartia kan fort bli utestengde av kyniske krav til eit godt tv-show, skriv politisk redaktør Olav Kobbeltveit.

Venstre-leiar Lars Sponheim synest Venstre blir neglisjert av dei to viktigaste tv-kanalane. Det er det litt for tidleg å sei noko sikkert om. Men inne i hovudet til Sponheim er dette blitt til ein svær konspirasjon, der mediene hjelper Arbeidarpartiet til å halda på makta. Det er ein overreaksjon som må tilskrivast Sponheims vonbrot over å bli nekta plass i tv-debattane, truleg i ein ulukkeleg kombinasjon med eit Venstre under sperregrensa. Reaksjonen er sånn sett forståeleg. Men like fullt urimeleg. Det er elles fleire enn Venstre som klagar over at dei ikkje slepp til i tv-kanalane. Har dei grunn til å klaga?

Bjartmar-listene til RV I NRK har småpartia tradisjonelt hatt det vanskeleg. Vi hugsar Raud Valallianses einsame kamp for å koma inn i varmen, der RV laga såkalla «Bjartmar-lister» rundt i nesten heile landet for å sikra seg plass i statskringkastinga. Mange sanne demokratar, som var djupt usamd med RVs politiske linje, sa ja til å stå på dei fiktive RV-listene, fordi dei syntest NRK behandla RV urimeleg. Det enda med at RV slapp til i NRK.

I 1997 var det Høgre som stupte på meiningsmålingane. I TV 2 sat Anders Magnus og meinte at Høgre var blitt så lite — og så uinteressant - at partiet ikkje fortente ein plass i hans valsendingar. Dette fann Jan Petersen & Co. høgst urimeleg, og etter litt fram og tilbake fekk Jan Petersen likevel vera med. Det skjedde etter at leiinga i TV 2 - etter å ha tenkt seg om - kom til at grunnlaget for å stengja Høgre ute var for dårleg.

Stoppeklokkedemokrati Det var stoppeklokkene som styrte dei politiske valdebattane i Norsk Rikskringkasting i mange år. Journalistiske vurderingar vart underordna ei litt misforstått oppfatning om at alle debattantane skulle få snakka akkurat like lenge. Det gav heilt håplause ordskifte, der snakkesalige debattantar kom i skade for å bruka opp heile taletida si på første emnet. Dermed fekk dei munnkorg resten av debatten.

Stoppeklokkene er borte. I dag er det journalistiske vurderingar som bestemmer tema og kven som skal sitja i panelet. Det er bra, i første rekkje fordi det gjer debattane meir interessante for sjåarane. Men det forklarar ikkje grunnen til at Venstre vart utestengd frå debatten i Grieghallen, som hadde tittelen «Valgets kval» og mellom anna skulle handla om dei tre ulike regjeringsalternativa. Det tyder på slett dømmekraft, nesten like slett som den programleiinga vi etter kvart vart vitne til i Grieghallens foaje.

Allmennkringkasting og plikter TV 2 har aldri drege med seg NRKs noko sidrumpa historie, og la frå første dag vinn på å halda stoppeklokka borte frå debattane. Det har kanalen stått seg på. Men har tv-kanalane eit ansvar for at også dei små partia, som tidvis kan vera plassert i utkanten av det politiske landskapet, får sleppa til med sine bodskap?

Det bør vera ei av pliktene som følgjer av at NRK og TV 2 har status som allmennkringkastar. Det tilseier ikkje at alle parti - små og store - skal ha fått like lang sendetid når valkampen er over. Men ein allmennkringkastar bør ha såpass respekt for publikum at han gir sann opplysning om, og ein rimeleg sjanse til, dei politiske grupperingane som stiller til val. Men at det skjer innanfor eit interessant journalistisk konsept, ja, det er i dag nesten sjølvsagd. Men tidvis kan vi få inntrykk av at det er nokså kyniske vurderingar som ligg til grunn når konseptet - det politiske showet - skal komponerast. I kampen om sjåarane og høgare rating er det mange omsyn som må vika.

I partipressas tidsalder hadde heller ikkje norske aviser mykje å rosa seg av når det gjaldt omtalen av små parti i den politiske periferien. I dag er det ei langt romslegare haldning som rår. Det kan ha fleire årsaker. Ei av dei er kanskje at dei politiske utgruppene - særleg på venstresida - blir oppfatta som mindre farlege enn for 30 år sidan?