Av Olav Revheim

Strand vedgår at tilhøva i reiarnæringa er like ille, men at det i augneblinken ikkje finst tiltak som kan retta på situasjonen der. Dette synleggjer i så fall enno ein gong den gamle sanninga at kong Salomo kan gå fri, medan Jørgen Hattemakar vert «teken».

Om det er rett at norske bønder har falle for freistinga til grov underbetaling av utanlandsk arbeidskraft, er dette ille for næringa sitt omdøme og kan ikkje godtakast. Noko av det groteske kan vera at norske bønder som arbeidsgjevarar, også her, vert syndebukkar. Denne gongen saman med rovdyrkapitalistane, som tidlegare statsminister Kåre Willoch har oppdaga, men som han oversåg då døra vart opna for friare kapital— og marknadsstyring, etter l981.

Norske bønder er som sagt sjølvstendige næringsdrivande og får ikkje si inntekt utbetalt som timeløn. I Noreg hadde primærnæringa sine yrkesutøvarar etter krigen lenge politisk skjønsemd for det viktige med eigen matvareproduksjon. Men dette har endra seg, og særleg dei siste 20 åra har vilkåra for landbruket hardna til, nærast år for år.

Mange har meint, men ingen har tilstått, at når hardkjøret auka etter EU-røystinga i 1994, så var dette motivert ut frå eit ønskje om å tyna næringa ein gong for alle, for å sikra EU-medlemskapen den tredje gongen. I alle fall, eit fleirtal i Stortinget har vedteke rammevilkår for norsk landbruk som dumpar innteninga for norske bønder, i snitt omrekna til ca. halv timeløn for ein industriarbeidar, eller rundt 70 kroner timen. Dette er berre såvidt over det som har vore påvist som dumpinglønn til polske arbeidarar i oljeindustrien - 65 kroner timen.

Stortingsfleirtalet har likevel på ingen måte avslutta dumpinga av primærnæringa. Bruk skal bli større og meir effektive. Dette tyder først og fremst færre bønder og meir arbeid for dei same, eller kanskje til og med minka total inntening. Noko som kan gje ei endå sterkare dumpa timebetaling som fasit.

Ein slik politikk kunne ha eit rasjonelt ankerfeste dersom det kunne påvisast eit tilgjengeleg biologisk under som tilsa at folk kunne leva utan mat. Sidan dette enno ikkje er tilfelle og sidan landbruket vel er den einaste vareproduserande næringa norske politikarar enno har styring med: Kva vil det politiske fleirtalet med norsk landbruk?

Mange er klar over at det kan koma store strukturomleggingar innan landbruket i det «nye» EU. Først og fremst i Aust-Europa i dei nye medlemslanda, der tusenvis av bønder kan måtta avstå gard og jord til kapitalsterke kjøparar, utan å få arbeid i det nye jordbruket. Skal norske bønder tynast vidare fram mot ei «berging» av norsk landbruk, med dumpa utanlandsk arbeidskraft på pakte- og leigeavtalar, på desperat jakt etter jobbar som ikkje finst innan EU? Er det dette me vil, her i landet?