Vi var mange politiske kommentatorar som stussa over meldingane som kom tysdag ettermiddag, om at det var definitivt brot i regjeringsforhandlingane mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre. Vi hadde jo spådd at dette kom til å gå seg til, om det kanskje kom til å ta litt tid. Men vi hadde teke feil.

Min spådom var basert på blant anna følgjande resonnement: Høgre var ein av valets vinnarar, særleg om vi samanliknar med sist stortingsval. Senterpartiet var borte frå sin vippeposisjon, og kunne ikkje – som tidlegare – blokkera. Denne gongen var det eit solid ikkje-sosialistisk fleirtal, og signalet frå veljarane var klårt nok: Den sitjande regjeringa til Jens Stoltenberg bør bli avløyst snarast råd.

I tillegg er det slik at Høgre har vore utestengde frå regjeringskontora i eit drygt tiår. Det tærer på dei unge politiske talenta, som regjeringsparti veit å fostra opp på den såkalla statssekretærskulen. Høgre hadde gått til val på å skaffa landet ei ny regjering. No skulle dei inn i styringsposisjon. Men åleine var dei for små. Så vart det å gjennomføra Høgres plan A, om å samarbeida med KrF og gjerne også med Venstre. Denne regjeringa skulle kunna styra rimeleg greitt med eit romsleg fleirtal i ryggen.

Noko gjekk gale

Fleire faktorar tyder på at Høgre vart for storaktige. Både KrF og Venstre må ha strekt seg langt i Høgres hjartesak nummer ein, skatt, når det var semje om skattelette på over 30 milliardar kroner. Men det var ikkje der det stakk. Høgre ville ha både statsministeren, Jan Petersen, og finansministeren, Per-Kristian Foss. Alle som kjenner ein smule til dei mektige og mindre mektige aksane i ei regjering, veit at kombinasjonen statsminister/finansminister er uslåeleg. Det er bukta og begge endane og litt til. Det kunne naturlegvis ikkje Bondevik godta. Korleis var det mogeleg for Høgres forhandlingsdelegasjon ikkje å fatta det poenget? Det har også leke ut at Foss var meir villig til å ofra statsministerposten enn Petersen og Inge Lønning. Somme oppfattar det som eit smart trekk av Foss, fordi han visste at dersom Jan Petersen vart statsminister, så var sjansen hans til å bli finansminister minimal.

I valkampen tedde Petersen seg som om han var open for å gjera Bondevik til statsminister. Valnatta og dagane etterpå vart tonen ein litt annan, etter kvart som (mindre gode) rådgjevarar gav uttrykk for at her fekk Høgre, som hadde vunne valet, ta styringa. Det er tydelegvis denne strategien som har vore rådande i Høgres delegasjon.

Spørsmål om prosedyre

I tillegg greier Jan Petersen å gjera brotet til eit spørsmål om prosedyre, som partane ikkje skal ha blitt einige om. KrF og Venstre ville ha ei viss avklåring av statsrådsposisjonane, fordi det ville ha sitt å seia når det politiske grunnlaget skulle leggjast. Høgre heldt fast på at alt, både politikk og fordeling av statsrådpostar, skulle haldast ope til alt var avgjort. Her finst det ingen fasit, og begge vegar er farbare. Men for å få til ein viss progresjon i slike forhandlingar, er det ofte ein fordel å få rydda viktige stridsspørsmål or vegen. Her vart fordelinga av statsminister, finansminister og utanriksminister liggjande som eit uoverstigeleg hinder. No blir det, blant anna etter råd frå Carl I. Hagen, tatt som eiga sak og opnar dermed for nye samtalar. Men Jan Petersens kanossagang var ikkje noko vakkert syn.

Har Høgre meir å gi?

Høgres leiarskap har vist at dei er urøynde i regjeringsforhandlingar. No meiner dei kanskje at dei har strekt seg langt og lenger enn langt. Men er dei så urøynde at dei trur det skal gå glatt herifrå og til mål?

Eg trur dei skal få oppleva at det stadig er KrF (og Venstre) som har the upper hand. Ringreven Bondevik var snau til å slå fast at statsministerposten ikkje er nok, det må også skapast ein politisk balanse som gjer dette til ei samarbeidsregjering, og ikkje ei Høgre-dominert regjering. Dei næraste dagane skal Høgres folk få merka kva det inneber.

I tillegg er ikkje dette å koma i regjering med Høgre eit salighetsspørsmål for Kristeleg Folkeparti. Tvert om går KrF og ventar på eit statsbudsjett som er stappfullt av godsaker, kynisk tilrettelagd av Ap-regjeringa. Pressar Høgre for hardt, kan Bondevik fort koma til det resultat at KrF får gjennomslag for fleire av hjartesakene om dei står utanfor ei Høgre-sentrum-regjering.

Jan Petersens kanossavandring kan bli lengre enn både han og Høgre likar.

KANOSSAGANG: Jan Petersen måtte føreta ein audmjukande manøver i går. Det kan fort bli fleire.
SCANPIX