Kan du hugsa Det norske hus, den mest latterleggjorde metaforen i det politiske Noreg? Det var den vår nyslåtte statsminister Thorbjørn Jagland presenterte frå Stortingets talarstol hausten 1996. Det var dette biletet regjeringa Jagland ville identifiserast med — den nye giv som skulle gi folket visjonar om ei betre framtid. Den vart utklekt av Jagland og Terje Rød-Larsen, for ifølgje Rød-Larsen «er det slik i politikken at hvis du vil foreta store grep og få tilslutning til disse, så må du også finne en bærende metafor som symbol på det du skal gjøre». «Det norske hus» fall til botnar som bly, og har aldri blitt henta opp att av dei som skapte han.

Eg var til stades i Stortinget då Jagland lanserte sitt norske hus, og eg meinte metaforen var brukande. Kanskje god. Men det føresette at han hadde eit truverdig innhald. Eg resonnerte omkring at vi i Noreg opp gjennom vår nye historie hadde hatt ungdomshus, Folkets Hus, bedehus og så bortetter, og at kanskje Jaglands tanke no var å samla heile folket - indremisjonsfolk, frilynte ungdomslagsfolk, arbeidsfolk og kanskje riksmålsfolk - i eitt stort, norsk hus. Men det var det altså eg som tenkte. Ettertida har vist at Jagland og Rød-Larsen ikkje hadde hatt tid til å tenkja så mykje meir på kva huset deira skulle romma. Så vart det knall og fall.

Ei tragisk soge

Det er NRK-journalist Magnus Takvam som brukar litt plass på «Det norske hus» i boka han lanserte i går, «Arbeiderpartiets fall». Ho tek i første rekkje for seg perioden frå Jagland blir statsminister etter Gro sist i oktober 1996 og fram til i dag - knapt tre veker før Arbeidarpartiets landsmøte. Det er ei tragisk soge, og jamvel om Takvam ikkje bringar så mykje nytt til torgs, så gir han samanhengar som viser kor fort det er gjort å forfalla frå eit statsberande parti til eit litt likesælt mellomparti.

Somme vil meina at forfallet sette inn tidlegare, alt i Gro Harlem Brundtlands periode som partileiar og statsminister. Det var då Arbeidarpartiet gav på båten Olof Palmes slagord om at «Politikk er att vilja». No vart administratorens rolle viktigare. Eit meir komplisert spørsmål er naturlegvis om denne overgangen var uomgjengeleg i eit velferdssamfunn der nauda er meir fornem enn det Arbeidarpartiet var van med. Det treng ei djupare drøfting. Men Gro var ein populær statsminister, og jamvel om ho aldri vann eit einaste val, så heldt ho partiet med hovudet over vatnet.

Magnus Takvams skildring av Thorbjørn Jaglands korte regjeringstid er dyster lesnad. Det humpa frå krise til krise, og Jaglands autoritet vart kraftig undergraven. Først fall Rød-Larsen, sjølve superministeren, fordi gamalt fiskefusk vart henta fram att. Surrogatet, Bendik Rugaas, vart ein katastrofe. Deretter laut Grete Faremo ofrast, fordi ho som justisminister var uryddig i omgangen med Furre-saka. Endeleg miste han også Anne Holt, som skulle vera den frodige planten frå ein annan hage.

Pinlege kompromiss

Det verste er likevel at statsministeren trudde han kunne gjennomføra så store og djerve grep i måten å organisera regjeringa på utan at det var klarert på førehand. Det var snakk om ei større omkalfatring. Jagland meinte for mykje makt var samla hos finansministeren. Han ville ha meir makt til den politiske leiinga på statsministerens kontor, og her hadde han og Rød-Larsen tenkt store tankar. Men ingenting var forankra i kollegiet eller i partiet elles, og det store prosjektet enda i litt pinlege kompromiss. Her ser vi den Jagland Takvam presenterer, som vil så mykje, men som ikkje brukar tid på å finna ut korleis det skal realiserast.

Jagland har fått mykje pryl for sitt 36,9. Takvam påviser at Jagland ikkje hadde gripe det ut or lause lufta. Eg meiner den veldige kritikken er litt ufortent. For det første må utspelet sjåast som uttrykk for den tunge frustrasjonen Jagland kjende etter eit knapt år i mindretalsposisjon, der han som statsminister meinte seg hersa med av opposisjonen. Han såg kraftig mørkt på ein ny periode med like svakt parlamentarisk grunnlag. I tillegg var det lite om å gjera at han oppnådde 36,9. Hadde det skjedd, ville mange i ettertid ha framstilt trekket som ein genistrek. No vart det hans bane. Om knappe tre veker skal han halda sin siste tale som leiar i Arbeidarpartiet.

Tok makta på feil sak

Problemet for Det norske Arbeidarparti - slik det framstår i Magnus Takvams bok - er at etterfølgjaren, Jens Stoltenberg, heller ikkje er noka lysande stjerne på den politiske himmelen. Takvam skriv at det var sterke krefter i Ap som ettervinteren 2000 pressa på for å ta makta frå Bondevik. Det kan nok diskuterast. Det som er udiskutabelt er at fleire aviser enn Verdens Gang var i ferd med å framstilla Stoltenberg som ein fiasko dersom han ikkje makta å bli statsminister i løpet av våren. Han var jo nettopp, etter at Jagland var blitt pressa til å trekkja seg, blitt partiets statsministerkandidat. Så tok han makta på den verst tenkjelege saka - gasskraftsaka. Halvtanna år seinare fekk han svaret frå veljarane: Arbeidarpartiet gjorde sitt dårlegaste val i moderne norsk historie.

Andre helga i november skal Jens Stoltenberg overta bukta og begge endane i Arbeidarpartiet. Magnus Takvam viser oss eit parti som har blitt kraftig lutra av kriser siste åra, og som pr. dato er vesentleg mindre enn Framstegspartiet. Det er likevel ikkje eit konkursbu Stoltenberg overtek, det ville vera å dra det for langt. Men kva Arbeidarpartiet vil anno 2002 er noko uvisst. I Folkets Hus om tre veker bør Stoltenberg ha betre svar enn han hadde på ein pressekonferanse i juni 2002. Han vart spurd om kva for enkeltsak som kom til å bli den viktigaste for partiet framover. Ifølgje Magnus Takvam svara han - stotrande: «En helhetlig, ansvarlig politikk - og pensjonssaken».

OLAV KOBBELTVEIT