Av Olav Kobbeltveit,politisk redaktørBergens Tidende

Frank Aarebrot seier han ikkje ser problemet. Då trur eg han gjer seg dummare enn han er. Men er det ingen andre i Aarebrots akademiske miljø som reagerer? Finst det ikkje ein yrkeskodeks for forskarar?

I gårsdagens innlegg prøver Aarebrot å snu skytset mot min person. Det er ganske misforstått, men det gir meg høve til å forklara Aarebrot og andre skilnaden på mi rolle og Aarebrots rolle.

Eit gammalt jungelord i pressekrinsar seier at «reportasjen er heilag, men kommentaren er fri». Det inneber kort sagt at det journalistar skriv i reportasje og referat skal vera sant og rett. Difor strevar vi etter å gje så breid og sakleg dekning av til dømes politiske landsmøte som råd er, uansett kva vi på leiarplass måtte meina om dei ulike partia. Vi synest vi lukkast, men ikkje alltid like godt.

Når det gjeld kommentaren, meininga, så vil den i større grad leggja vekt på det kommentatoren meiner er rett, gjerne i ei polemisk form som provoserer. Slik skal og må det vera.

Som politisk redaktør i BT er det mi fremste oppgåve å meina ting, om den sitjande regjeringa, om miljøpolitikk, om bybane, om Venstre, om Jan Petersen og om Frank Aarebrots uheldige dobbeltroller. I motsetnad til det Aarebrot synest å tru, så er eg ikkje, og skal eg ikkje vera, politisk nøytral. Mi og kommentargruppas oppgåve er tvert om, på vegner av sjefredaktøren, å forvalta BTs politiske kurs og ha meiningar om saker og ting kvar einaste dag. Difor er det uproblematisk for meg å gjera meg sjølv og andre muntre på kostnad av Venstres mangslungne historie. Det einaste som gjer meg ottefull i så måte er at berre ein av fem delegatar opplevde festtalen min som Venstre-landsmøtets høgdepunkt.

Men ein valforskar må oppfattast som politisk nøytral når han gjer jobben sin. Ingen må kunna mistenkja han for å ha politiske siktemål med det han seier når han opptrer på tv eller i avisintervju.

I kommentaren tysdag nemnde eg tre døme på konfliktar mellom Aarebrots politiske engasjement og hans rolle som nøytral valkommentator. Eg trur Aarebrot har tatt poenget.

Men av ein eller annan grunn protesterer han når eg gjer han til gasskrafttilhengjar. Det gjer eg ikkje «basert på en hypotese om at alle arbeiderpartimedlemmer mener dette». Nei, eg held meg mellom anna til eit polemisk innlegg Aarebrot hadde på trykk i BT 2. mars i fjor, med brodd mot Ranveig Frøiland. Der skriv Aarebrot: «En underorganisasjon, Arbeiderpartiet i Bergen, har på sitt årsmøte fattet et annet vedtak om gasskraft. Jeg var selv delegat på det årsmøtet, jeg deltok i debatten og argumenterte for gasskraft — og jeg led nederlag».

Og for ordens skuld: Eg er ikkje medlem av Venstre.