Bodil Cappelen les. Sviv spelar. Andakt i salen. Då brått: «Korea». Nakne ord om krig. Snart skal mange døy. I eit anna land.

Side um side. Uven, ven, med gras imillom bringebein; valmuor skin i augneholor, rusta våpen grin...

Diktet er frå 1954. Då var det ikkje tid for dikt mot krigen som nett var over i Korea. Men Olav H. Hauge skreiv:

Eg ser dykk, beinmenn frå Koreas jord, skrymta som skuggar bak eit tinging s bord, der din død, bror, er bos i planlagd bragd Ordlaus er døden, berre eit bleikt grin i statsmenns kalde medvit. Domen diner stempla, underskriven — burt lagd.

Sist veke var det to Olav H. Hauge-kveldar med Bodil Cappelen og Sviv (Knut Hamre, hardingfele, Sigbjørn Apeland, trøorgel og Erling Wollestad, trompet og seljefløyte) på Neptun Hotel i Bergen. Arrangør Dagfinn Iversen sa at Olav H. Hauges dikt gjorde verda til ein litt vakrare stad. Og det viste dei fire på scena til fulle. Meisterleg hardingfele, kjenslevar trompet og dvelande trøorgel, kvar for seg eller saman, var tonefylgje til Olav H. Hauges ord. Bodil Cappelen las. Om blomar. Om katten. Om elvi. Og eigentlig om noko heilt anna. Noko større. Slik tok orda til Hauge sjølve livet inn i salen på Neptun.

Men Bodil Cappelen hadde meir fore desse kveldane. Etter at ho las eit intervju med Hauge-venen Georg Johannessen, fann ho ut at ho skulle ta med tre dikt om krig. Og på terskelen til eit nytt ragnarokk fekk orda frå Korea ei ekstra tyngd.

Og det var nett denne svingen innom krigen som gav ein ekstra dimensjon til denne kvelden i lag med Sviv og Bodil Cappelen. Forvitneleg, ville vel diktarhøvdingen sjølv ha sagt. For denne lydaren var elles tempoet litt oppjaga. Inntrykka er så sterke at ein treng tid til å la det eine synke før det neste kjem.

I siste del tok dei oss attende til dei fine stemningane, med Hamres tolking av «Bjølleslåtten» som eit musikalsk høgdepunkt. Vare ord og tonar. Om lengt. Om kjærleik. Om undring. Og draum:

Det er den draumen me ber på...at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um

MELD AV

OLAV GORSETH