Visst kjende eg hovudhandlinga i Les Misérables, men å få alt så varmt og nært innpå seg, gjorde at bodskapen til Viktor Hugo landa midt i hjarta: Nåde og tilgjeving kan reisa opp dei mest elendige, så dei kan makta å gjera det gode for andre.

I ei urettferdig verd, midt blant menneske som elskar lite, går Jean Valjean og gir vidare den tilgjeving han har fått. Han har fått livet på nytt som ei gåve ved å bli tilgitt, og kan derfor gi nåde til dei han har makt over.

Mens motstandaren hans, Javert, ikkje maktar å leggja vekk hatet og prestisjen, og nektar å sleppa nåden til.

Takk til alle for at de ville visa oss dette. Berre de sjølv veit kva det har kosta av tid og krefter. Takk for at de ofra så mykje. Det var verdt det. Oppleving de har gitt oss, kan rett og slett hjelpa oss med det viktigaste i livet: Å bli gode menneske.

OLA ERSLAND, FINNÅS