I dag er Jens Stoltenberg på besøk i den russiske hovudstaden for å ha samtalar med president Vladimir Putin og statsminister Kasianov som representantar for vår nabo i aust. Med seg i veska har antakeleg Stoltenberg, eller i alle fall bør han ha, ei liste med mange vanskelege saker som han skal drøfte med den russiske motparten. Desse vanskelege sakene har vidare eitt fellestrekk. Dei er i stor grad geografisk betinga. Spørsmålet det då er naturleg å stille seg er kva Stoltenberg bør gjera for å løyse desse problema?

Forholdet mellom statane er ikkje det beste i desse dagar. Ta for eksempel arrestasjonen av trålaren «Tsjernigov» i april månad. Dei russiske fiskarane brukte blant anna for smal maskevidde i fiskevernssona rundt Svalbard. For smal maskevidde er ulovleg ifølgje internasjonale og bilaterale bestemmelsar. Noko som førte til at Noreg arresterte trålaren som dreiv det ulovlege fisket. Russarane reagerte kraftig og overleverte formelle protestar til Noregs ambassadør, samt at dei trakk seg frå pågåande møter i den felles fiskerikommisjonen. Problemet med denne handlinga var ikkje at det var feil å arrestere trålaren, men at arrestasjonen skjedde i eit område som det herskar uklarhet om eigarskapet til. Noreg ser på fiskevernssona som sitt forvaltningsområde. Russland ser på det same område som internasjonalt farvatn der ingen har eksklusiv jurisdiksjon. Noreg har ikkje tidlegare turt å bruke fysisk makt i forvaltninga si av dette område før, rett og slett fordi Russland aldri har anerkjent denne forvaltningsretten.

Statsministeren kjem sikkert til å koma inn på endå eit uteståande jurisdiksjonsproblem til havs, nemleg det evigvarande avgrensingsspørmålet i Barentshavet. Han og Kasianov kjem nok til å ha politiske samtalar om dette, og dei kjem venteleg til å seia at forhandlingane fortset i ei sedvanleg god tone og Stoltenberg kjem til å nemna at det er klart at ei løysing kjem til å legge grunnen for meir samarbeid i Barentshavet og Nordkalotten elles. Men spørsmålet kjem antakeleg fortsatt til å vere uløyst og ligga der som ein hemsko for vidare utvikling av eventuelle maritime samarbeidsprosjekt og vekst i regionen. Attpå kjem konfliktpotensialet som ligg i det å ha eit uløyst grensespørsmål i dette ressursrike området. Det andre store uløyste grensespørsmålet i Europa er forresten på Balkan.

John Lyng sa ein gong i sin utanriksministerperiode under den kalde krigen at når det ringte i telefonen om natta, så tenkte han på Svalbard. Om den noverande har den same nevrologiske refleksen skal vere usagt, men det er liten tvil om at øygruppa Svalbard for tida er eit vanskeleg spørsmål for Noreg. Å inneha suverenitet, men likevel skulle ta omsyn til traktatpartar med blant anna økonomiske rettar er ikkje enkelt. For mellom anna vil vi ikkje tillate ein ny russisk vegstrekning på Svalbard, slik at russarane kan utvinne dei nyfunne enorme kolreservane som er der. Vegen kolliderer med verneinteressene i området. Russarane har varsla at dei ikkje aktar å følgja dei mange ulike vernetiltaka ein frå norsk side har planlagt på øygruppa. Her ligg det an til problem. I tillegg har ein ei rekke andre vanskar for Noreg knytta til det å ha suvereniteten på denne øygruppa, som jo er ei tryggingspolitisk kruttønne, vil mange meine.

Andre saker pregar òg klimaet i desse dagar. Barents-regionssamarbeidet har heller ikkje svara til forventningane synest ein visstnok på russisk side. Der ein hadde håpa at økonomisk vekst og velstand skulle kome, har ein fått stagnasjon. Optimismen frå tidleg nittitall har forsvunne til fordel for ei meir avventande haldning. På Nordkalotten blir ein stadig fattigare på russisk side, medan norske fiskevêr tek imot torsk frå russiske farty. Torsk som eigentleg skulle ha vore landa i Russland som mat til befolkninga der meiner Russland. Den russiske fiskeriministeren forsøkte å hindre dette, men det er ikkje hjelp i. Marknadspris er marknadspris, og den er betre i Noreg enn i Russland. Samstundes sit dei militære og observerer den norske Globus 2-radaren i Vardø. Den vil dei ikkje ha på russisk side. Dei fryktar den kan brukast til etterretning mot Kola-basane i nord. Dei er heller ikkje begeistra for det norske spionskipet «Marjata», verdas mest avanserte spionskip visstnok, som dei meiner blir for nærgåande i russisk økonomisk sone. Noreg stiller seg uforståande til det russiske synet i desse sakene.

Lista med vanskelege einskildsaker er lang og ikkje særleg oppløftande lesnad. For Stoltenberg må oppgåva med å reisa til Russland no vere ei klar utfordring, og den klaraste utfordringa i norsk utanrikspolitikk for augneblinken og i overskodeleg framtid. Russland er eitt av dei mektigaste landa i verda. I tillegg er landet ustabilt på fleire måtar. Noreg ligg ved sidan av denne staten og har for tida eit relativt dårleg forhold til dette landet.

Det er sjølvsagt vanskeleg å ha noko fasitsvar på kva Stoltenberg bør foreta seg med alt dette. Faktum er at det dreier seg om reelle og klare interessemotsetnader som ikkje kan løysast i eit handslag. Det dreier seg om ein interessepolitikk som omhandlar fisk, olje, militær dominans og suverenitet. Problem som i stor grad er geografisk betinga. Likevel er det mest presserande problemet i dag at den gode dialogen og godvilja ikkje er til stades i tilstrekkeleg grad til å løysa slike vanskelege spørsmål i det heile. Svaret på spørsmålet om kva Stoltenberg bør gjere for å løysa desse problema må difor bli at sjølv om god dialog og godvilje i seg sjølv ikkje kan løyse noko konkret, så må den til. Difor er statsministerbesøket eit godt høve til å gjenoppretta den kontakten som nok har skranta litt i det siste mellom landa. Geografien ligg jo der og vil avgjere og definere forholdet til Russland i all framtid. Det må vi berre finne oss i og gjera det beste ut av. Stoltenberg bør fokusere på dei mange tinga ein tross alt er einig om og dempa det som skil. Det viktigaste er at ein har ei god tone som ein grunnleggande føresetnad for konstruktiv dialog om dei verkeleg viktige tinga.

Ein vel som regel ikkje sine naboar. I så tilfelle ville nok Noreg ha valt ein annan nabo enn Russland. Og Russland ville nok på si side valt ein annan enn Noreg?

FORHANDLINGSPARTNAR: Mange vanskelege saker vil bli teke opp i dagens samtalar mellom Russlands president Vladimir Putin (biletet) og statsminister Jens Stoltenberg.