TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

NVE meiner klagene ikkje inneheld opplysningar som gjer av vedtaket om at det kan byggjast vindkraftpark på Stadlandet må endrast eller opphevast. Direktoratet sender no saka over til endeleg avgjerd i Olje— og Energidepartementet.

Rett før jul gav NVE Statkraft konsesjon til å byggje ein vindpark med 35 vindmøller på Hoddevikfjellet på Stadlandet. I samband med vindmøllene skal det byggjast ein 26 kilometer lang kraftleidning.

Bygginga av vindkraftanlegget er sterkt omstridd. Dei mange klagene rettar seg særleg mot konsekvensar for kulturminne, kulturlandskap, fugle- og friluftsliv.