I Rosendal vart det arrangert eit svært vellukka NM i terrengløp same helga, i eit flott område som var publikumsvenleg og lett å filma. Dette meisterskapet vart ikkje nemnd i Sportsrevyen.

Er dette rett prioritering?

NRK bør vita at i kvart idrettslag rundt omkring i landet vårt er det grupper som driv med barnetrim, friidrett, fotball, turn o.l. Kanskje det kan stimulera interessa for desse idrettane dersom ein også av og til kan senda t.d. terrengløp på NRK. Me arrangerte eit norsk meisterskap som ikkje var av interesse.

Var det for langt borte frå Oslo?

Var det for lite fest og moro?

Er det reklamekreftene som fengjer og bestemmer?

NRK skal vera ein allmenn kringkastar som viser breidden av det som forgår i landet. Så vidt me veit er alle med på å betala for det som vert skapt i NRK. NRK er med på å styra utviklinga av idretten i Norge.

Er det dei smale idrettane som er viktige?

Breiddeidretten er med på å rekruttera topputøvarane som igjen media vert avhengige av.

Korleis skal me få fram fleire utøvarar som Rodal og Dæhlie?

Kva vart resultatet i Galdhøpigg-rennet?

Dette er pinleg, NRK.

ARVE LUNESTAD, LEIAR NM-TERRENGLØPWILLY KALSÅS, LEIAR ROSENDAL TURNLAG