Ute på landsbygda får ein ikkje inn NRK2. For uinnvigde sambygdingar og andre utan parabol, er det ein «bikanal» som konsentrerar seg om å senda program med det håp at ein skal få minst mogeleg sjåarar. Ofte når ein intervjuar akademikarar og «høgintellektuelle» får ein oftast til svar at dei ser berre på NRK. Andre sverjer helst til TV 2, TVNorge, og Canal Digital. Dette burde vera eit klart signal om at kanalen sånn som den framstår no høyrer heime på eit eller anna amanuensis-rom langt inni «museumskottet».

NRK var i si tid den einaste kanalen der ein laga debattprogram om videovald, «satellittkonkurransen» m.m. utan at den andre sida (programskaparane av video, satellittsendingar) fekk sleppa til i debatten. Det var på den tida dei var eine og åleine, og var i stand til å utnytta makta. Ein vonar berre at NRK-sjef Bernander kan gripa fatt i problemstillinga og sende program folk vil ha. Er det ikkje snart på tide å invitera gjester utanom venneflokken til Skavlan, og dei som har meir enn gangavstand til NRK-bygget. Canal Digital får fleire og fleire sjåarar og kostar nærare tre gonger lisenspengane i året. Dette er abonnenten villig til å betala for, medan tv-lisensen i NRK som dumpar ned i postkassen to gonger i året, set i gang eit ordforråd som ikkje eignar seg på prent. At Fleksnes toppar tv-ratinga i Noreg er ikkje noko overrasking, av di den vart tilført nærast «intravenøst» i ei tid utan motstandskraft eller «motprogrammering». Desse skadeverknadane har aldri vore tatt opp verken av lek eller lærd, enten dei var utdanna ifrå Sosialhøgskulen eller høgare opp i den akademiske verda. Det er jo som sagt det som kjem ifrå andre land som er skadeleg.

NRK har frå før av levd i ei tid utan konkurranse, den tida er «diverre» fortid. Ein vil til slutt retta ei varm takk til amerikansk film— og serieindustri for at me endå kan plukka godsaker ned ifrå himmelen, ved hjelp av ein forvaksen tallerken på takmønet. Canal Digital er ein god kanal, men ein kan styra seg for eigaren, Telenor, som er i ferd med å innføra avgifter i god NRK-stil. Trass alt trekkjer dei pengar direkte frå abonnenten, og ein har høve til å seia opp abonnementet. NRK er ei heilt anna skål i så måte. Lisens er ikkje gøy lenger, litt gøyare hadde det uansett vore om dei hadde hanka inn Fotball-VM, lokal «pakkeball-fotball» i Tippeligaen er ikkje heilt det same. Brann og dei andre laga får ha meg unnskyldt. No må kanalen setja kunden i fokus, og oppdaga verda utanfor Oslo-gryta.

Av Kurt Olav Helle,

Lonevåg