Problemet med NRK er ikkje at det er for mykje fotball. Det er altfor lite, etter mi meining. Meiner verkeleg nokon at ikkje Dagsrevyen må vika plassen for nasjonens omdøme på spinnesida i fotball-VM? NRK sine nyhendesendingar gneg om og om igjen på dei same nyhenda dagen lang. Det kan dei gjera så lenge «dei dansar med lisenspengane» utan å tenkja verken på kva marknaden etterspør eller kva som kan få nasjonen på rett veg. Det er ei reell interesse for kvinnekampar på tv, og NRK har ei oppgåve å reflektera samansetninga og interessa til lisensbetalarane. Eit større problem er heller kor mykje bortkasta tid som vert kasta vekk på analyser, svada og dritslenging om trenarar og spelarar i både TV 2 og NRK. Denne tida kunne vorte nytta til meir overføring av fotballkampar. Det er nok å ta av, aldersbestemt, old boys, innefotball frå både inn— og utland, både frå landsbygda og i byane.

Tidleg på 90-talet gjekk eg og sløva sø' i bydn, og skulle ein tur på kino, då kom det ei blond, vakker kvinne mot meg, med ei brosjyre - og spurde om ikkje eg burde byrja å trena, ho gav meg ei brosjyre med gratis trening i ein hall ein eller annan stad. I ettertid forstod eg at det var Gro Espeseth, ein av dei store innanfor damefotballen. Måten ho smilte på, og kroppsspråket, gjorde meg meir og meir sikker på at kvinnene kjem til å overta meir og meir, så òg i fotballen.

Grunnen til at eit parti som KrF endå har ein del veljarar er ikkje berre trua, men at dei har ein statsminister som er fotballinteressert. Partiet hans hadde heilt sikkert fått fleire veljarar, hadde ein hatt direkte overføring frå fotballkampane han spelar sjølv, blant partivener. Vil han ha fleire periodar, bør han ta eit «åndsmessig grep» over tv-kanalane, og gje «menigheten» fleire kampar - elles ottast ein at både rusbrus og porno får friare spelerom i samfunnet.

Men ein ting er sikkert. Damene som driv denne idretten gjer meg glad, og kvar gong eg møter ein damespelar smiler ho til meg, noko ein knapt ser hos dei som har forlest seg på Sosialhøgskulen i eit eller anna fag, og lurar på kva tiltak ein skal setja inn mot aukande narkotikabruk og kriminalitet, når fleire fotballkampar på tv i det minste hadde halde folk vekke frå gata.

KURT OLAV HELLE, LONEVÅG