Av Torstein Hjellum

Utredningsdirektør i NHO, Tor Hersoug, polemiserer mot eit innlegg eg hadde om verdiskaping i «periferi» og «sentrum». Han meiner at eg ikkje «liker virkeligheten» som er det han og ein kollega har gjort greie for i NHO-tidsskriftet Horisont. Ja, det er verkeleg tungt å svelgja NHO-«virkeligheten» om at sentrum for verdiskapinga i Norge er Oslo/Akershus, «som bidrar mest og mottar minst».

Eg snakkar om realverdiane, som er grunnlaget for økonomien. Utredningsdirektøren i NHO held seg til nasjonalrekneskapssystemet som har eit verdibegrep som ikkje skil mellom tenesteyting og vareproduksjon. Ut frå ein slik definisjon blir det logisk at ingen næring «kan sies å være viktigere enn en annen, de er alle avhengige av hverandre».

Som eg skreiv i mitt første innlegg er tenesteproduksjon som transport, hårklypping og bank både nyttig og nødvendig i ein økonomi som vår. Polemikk om dette treng me ikkje føra vidare. Det er avhengighet, men at ingen næring er viktigare enn andre, det står til diskusjon. Kan NHO-utgreiarane tenkja seg ein økonomi med berre tenesteyting, med berre bankar, lærarar og børsspekulantar? Tydelegvis innan nasjonalrekneskapssystemet, men i røynda? Umuleg. Eit skatteparadis på dei vestindiske øyane kan, isolert sett, likna, men er utenkjeleg utan ei omverd der det blir skapt realverdiar. Derimot fortel historia oss at det har funnest, og vel fortsatt finst, økonomiar utan bankar, børs og offentleg skule. Det norske bondesamfunnet nokre hundre år attende i tida hadde tilnærma ein slik økonomi. Altså har materiell produksjon, produksjon av realverdiar, (som blir varer når marknader veks fram) historisk vist seg å vera viktigare (men altså ikkje den einaste form for verdiskaping), meir grunnleggjande.

Vidare: Kva for eit verdiskapingsbegrep kan forklara at for eksempel ein direktør innan NHO tener ti millionar medan ein fiskar, med like lang arbeidstid, har ein trettiandepart av dette i inntekt? Fordi direktørjobben er så mykje «viktigare»? I tilfelle ut frå kva kriterium? Eit ideologisk NHO-svar vil vera at det er marknaden som styrer direktørlønnene.

Men NHO-utgreiarar så vel som lønnsarbeidarar veit, dersom dei let alle ideologiske overbygningar fare, at lønnsforskjellane i stor grad gjenspeglar maktforhold. Eigedomsrett gir grunnlag for makt, organisasjon det same. Og ideologi. Så lenge folk i «periferien», som produserer meir realverdiar enn «sentrum», godtek definisjonane av verdi i nasjonalrekneskapssystemet, vil dei kunna akseptere å bli definerte som subsidierte og snyltarar på «sentrum». På liknande vis har kolonifolk godteke Vesten sine definisjonar og i stor grad godteke å bli styrte frå sentrum gjennom organisasjonar som Verdsbanken. Det dreier seg altså ikkje om «ikke å like virkeligheten», men makt til å definera kva som er det verkelege.

Det er framleis grunn til å åtvara «periferien»: sluk ikkje «verdi»-begrepet til NHO-økonomane ukritisk, for då vil «sentrum» ta endå fleire jafs av oss.