Open bukvegg, eller gastroschise på latin, er ei medfødt misdanning hos nyfødde. Sidan 60-åra har talet på slike misdanningar auka med 900 prosent, viser ei ny studie ved Medisinsk fødselsregister i Bergen. Særleg barn av unge mødrer er ramma. Trenden er den same i USA, Sør-Amerika og fleire europeiske land. Men forskarane har ingen forklaringar på den mystiske epidemien.

ý Det er ei stor gåte. Vi famlar i blinde når det gjeld årsakene, seier professor Lorentz M. Irgens ved Medisinsk fødselsregister til BT.

Mødrer under tjue år Studien viser at på 60-talet vart 0,3 barn per 10.000 fødde med slike misdanningar. I 2001 var talet 2,5 barn, som er meir enn ei åttedobling.

Risikoen for å føde eit barn med open bukvegg er tretten gonger større hos mødrer under tjue år enn hos mødrer over førti.

ý Dette er ganske spesielt, fordi alle andre medfødde misdanningar, som fosterskader og Downs syndrom, førekjem langt hyppigare jo eldre mor er, forklarar Irgens til BT.

Ved hjelp av ultralydsdiagnostikk blir som regel open bukvegg påvist før fødselen.

ý Dersom forholda ligg til rette og barnet blir operert like etter fødselen, går dette som regel veldig bra, seier han.

Blir ikkje den nyfødde operert med ei gong, kan lever, tarmar og anna bukinnhald bli skadd.

Livsstilsfaktor Forskarane skal no undersøke om livsstilsfaktorar knytt til ungdomskultur kan vere blant årsakene til epidemien.

ý Er det då Coca-Cola eller ecstasy de siktar til?

ý Nei, den konstante auken sidan 60-talet tyder ikkje på at dette skuldast moderne livsstilsfaktorar. Kanskje misdanningane skuldast faktorar som mor vart utsett for før ho sjølv vart fødd, fortel Irgens til BT.

ý Kva faktorar kan det dreie seg om?

ý Det er lansert ein hypotese om at dette kan skuldast slimløysande middel til bruk ved biholebetennelse og forkjøling. Men så langt er dette reine spekulasjonar, understrekar Irgens.