Listene skulle brukast til utrekning av den kommunale pengestøtta som alle trussamfunn har krav på. Kontrollen av søknadene avdekte ein svært lemfeldig omgang med regelverket:

  • Søknad om støtte for medlemmer som for lengst har flytta ut av landet
  • Søknad om støtte til medlemmer som ikkje er busette i Bergen kommune
  • Søknad om støtte for fleire hundre personar som er registrert i fleire trussamfunn. Slik dobbeltmedlemskap er ulovleg.
  • Oppføring av same namn fleire gonger på same medlemslista

Stoppar 436.000 kroner

For tre muslimske foreiningar er forholda så grove at kommunen nektar å betale ut ei einaste krone.

To av dei er dei største muslimske trussamfunna i Bergen: Den Islamske Forening på Nøstet og Det Islamske Kultursenter på Vestre Strømkaien. I tillegg kjem Idara Minhaj Ul Quran Norway i Oslo, som også har medlemmer i Bergen.

Dei tre har søkt om støtte for til saman 1286 personar. Med 339 kroner i kommunalt tilskot per medlem, ville det gitt 436.000 kroner i kassa — pengar organisasjonane no må sjå langt etter.

«Grovt uetterrettelig»

Finansdirektør Per Kristian Knutsen i kommunen brukar harde ord i breva til dei tre trussamfunna. «Medlemslisten for 2001 er grovt uetterrettelig», skriv han til Den Islamske Forening.

Den nummererte medlemslista dei har sendt inn gir inntrykk av at dei har 748 medlemmer. Ved nærare ettersyn viser det seg at lista inneheld berre 655 namn ý 93 færre enn nummereringa skulle tilseie.

Av desse 655 er 154 medlemmer også i andre trussamfunn, noko som ikkje er tillate.

Fem nyfødde barn er ført opp to gonger, og det finst fleire personar på lista som ikkje er å finne i innbyggjarregisteret til Bergen kommune.

- Vil ikkje bli halde for narr

Stort betre står det ikkje til ved Det Islamske Kultursenter. Av 542 oppgitte namn er 122 også å finne på listene til andre trussamfunn. Fleire medlemmer har flytta til utlandet, og fleire som uttrykkeleg har meldt seg ut, står likevel oppført. Medlemslista får karakteristikken «rotete og uoversiktlig».

— Vi kan ikkje sitje her og bli haldne for narr.

Vi hadde møte med trussamfunna i fjor om akkurat desse tinga. I år har vi sett foten ned, seier finansdirektør Knutsen.

Han legg ikkje skjul på at det er vanskeleg og ressursskrevande å kontrollere at listene er korrekte og at det ikkje blir utbetalt støtte for same person til fleire trussamfunn.

— Feilprosenten har vore stor, og vi har hatt problem i fleire år, seier Knutsen.

Bergen kommune betaler i år ut ca. seks millionar kroner til nærare 190 ulike trussamfunn.

fakta/støtte til trussamfunn

  • Det blir gitt både kommunal og statleg støtte til trussamfunn. Bergen kommune gir per i dag 339 kroner per medlem busett i Bergen, staten, ved Fylkesmannen, 231 kroner. * Støtta skal svare til dei løyvingane statskyrkja får for sine medlemmer frå stat og kommune.
  • «Lov om trudomssamfunn og ymist anna» slår fast at ingen har lov til å vere med i meir enn eitt trussamfunn.
LISTEROT: Den Islamske Forening på Nøstet opererer med ei medlemsliste som er «grovt uetterrettelig», ifølgje finansdirektør Per Kristian Knutsen i Bergen kommune.
FOTO: ARNE NILSEN