Internett vart utvikla av det amerikanske forsvaret på 1950— og 60-talet. Under den kalde krigen trengte dei eit kommunikasjonssystem som ikkje ville bli øydelagt i ein atomkrig. Med internettet er kvar datamaskin ein eigen mottakar og sendar. Den kalde krigen tok slutt i 1989. I åra etter har internett vorte allemannseige. Kor naudsynt det er at kvar heim er linka opp med eit atomsikkert kommunikasjonssystem veit eg ikkje, men Noreg er det land i verda som har flest datamaskinar per innbyggjar. Materiell velstand i eit nyrikt land gjev slike utslag. Samstundes passar denne forma for kommunikasjon godt i norsk kontekst.

Vi kan skygge unna kafear, bibliotek og andre sosiale møteplassar medan vi kommuniserer med omverda frå sofakroken. På internett finst det over to milliardar sider. Over halvparten av desse er pornosider. Redd Barna hevdar at desse i stadig aukande grad inneheld barneporno.

Normalisering av det som ikkje er normalt breier om seg. Helsesystrene i København rapporterte om sjokkerande endringar når det gjeld seksualisering av barnekulturen. Heilt nye spørsmål står på dagsordenen. På barneskulen spør dei helsesystrene om analsex, gruppesex og sadomasochisme. Parallelt med auka tilrettelegging og bruk av internett har haldning i høve seksualitet endra seg radikalt.

Pornoindustriens framvekst skjer parallelt med seksualiseringa av barnekultur og barneverda. I norske butikkar får ein kjøpt sexy dameundertøy i storleiken til barn og klede med logoen «Pornstar» på brystet til usikre jenter på 12 år. Når jentene kjøper vekeblader i sommar får dei G-stringtruse, topp, kroppsgelé eller boka «Hot Sex» med på kjøpet. Strategisk marknadsføring lærar barn å tru at det er noko gale dersom dei ikkje oppteken av sex eller ser sexy ut. Kvar vart barndomen av?

Redd Barna er ein av dei frivillige organisasjonane som motarbeidar seksualisering av barndomen og den straffbare omsetnaden av barneporno. Mange opplever diverre internett som ei frisone der ein vågar å utfalde seg på ein måte som dei elles ikkje kan. Redd Barna hevdar at brukarar av barneporno senkar sin eige terskel, og at dei same menneska i neste omgang kan bli kjøparar av barnesex. Terskelen i høve overgrep og incest vert også redusert. Barnesex og -porno har ingen ting med omgrepet sex å gjere. Det er vald mot forsvarslause barn.

Det illegale salet av kvinner og barn til prostitusjon og sexindustri er aukande. Det skuldast marknadsføring og aukande etterspurnad. Vi kan motarbeide denne utviklinga gjennom Redd Barna, Amnesty International og andre organisasjonar som arbeidar for grunnleggjande menneskerettar. Vi har eit felles ansvar for at flest mogleg skal få ein barndom fri frå naud, vald og seksuelle overgrep. I Sarons dal opplevde dei nyleg overgrep. For ein gongs skuld er eg samd med predikanten. Bruken av internett teiknar mørke skyar - spesielt over barneverda.

Av Claus Røynesdal, Kultursjef, Bremanger kommune