Sjefen for DnB Bedrift, Leif Teksum, ser ikkje lysning for små og mellomstore bedrifter.

— DnB råder fortvila bedriftskundar til å flytta frå landet, seier Teksum.

Administrerande direktør i Sparebank 1, Terje Vareberg, trur på ein mørk haust og vinter, og spår rask utflytting av bedrifter:

— Dette kan føre til gradvis avfolkning av distrikt i Norge, seier Vareberg til Dagens Næringsliv. Arbeidsgivarane fryktar også ein mørk haust.

— Utflagging har kome svært høgt på saklista i mange styrerom. Eg kan knapt hugse å ha fått så mange førespurnader frå bekymra industrileiarar, seier reginondirektør Bjørn M. Stangeland i NHO Rogaland.

Desse er borte på kort tid

  • Rieber & Søn flytter deler av brislingproduksjonen til Polen. 50-55 mistar jobben.
  • Jordan har vedteke å flytta tannbørsteproduksjonen frå Flisa til England. 140 jobbar forsvinn frå denne Hedmark-bygda.
  • Papirprodusenten Hurum Fabrikker slo seg konkurs. 110 tilsette mista jobben.
  • Hjellegjerde møbler har starta produksjon i Litauen; 40 mister jobben i Norge. I tillegg har 86 fått permisjonsvarsel.
  • Hove møblar har sagt opp 35 tilsette; flytter deler av produksjonen til Litauen.
  • Høie sengetøy flytter sying og pakking frå Mosby i Vest-Agder til Litauen. 36 mister jobben.
  • Sande Paper Mill i Vestfold er slegen konkurs. 100 mister jobben.
  • Bruland Palle og Emballasjefabrikk i Førde flytter deler av produksjonen til Latvia, og reduserer i Førde.
  • Ericsson ved Grimstad seier opp 160 tilsette.
  • Mjellem & Karlsen Verft i Bergen slått konkurs. 350 mista jobben.