Då er det jo lurare å gje pengar til dei store gruppene som kan sikre stemmer i mange periodar framover. Det er nok blitt gjort urett på Morgensol, men dei det gjeld er så få og det er så lenge sidan. Det er nok best å ikkje rippe for mykje opp i det vonde, både av hensyn til dei det er gjort urett mot og ikkje minst dei skyldige. Dei er jo gamle no, og det er ikkje sikkert helsa held om dei må til med høyringar og presseomtale. Sannsynlegvis hadde meir omtale i saka svekka den offentlege moral. Kommunetilsette som mishandlar barn! Det vil vi ikkje høyre om. Folk hugsar ikkje denne saka heilt til neste kommuneval allikevel. Det vi sit att med er at politikarane gav oss bergensarar ein betre kvardag. Nesten alt vart betre. Det at ei forsvinnande lita gruppe har ein øydelagt barndom kan ikkje rettast på no. Det skal i alle fall ikkje gå ut over alle dei andre budsjettpostane, det ville vere urettvist mot folket.

Eg er ikkje sikker på kven eg skal stemme på ved neste val, men det vert nok Ap eller KrF. Eg er jo berre eit vanleg menneske, og vi har ingen moral, vi er dumme.

Hallvard Torp, Bredalsmarken