Han innleier med spørsmålet: «Hvorfor har dyrkingen av døden så sterk makt over enkelte fremdeles?» Det er ikkje lett å gje ei fullgod forklaring på at menneske drep seg sjølve og tusenvis av andre slik det skjedde på Manhattan 11. september. Eg har vanskeleg for å tru at årsaka er dyrking av døden. Ei slik gjerning må ha andre årsaker som t.d. eit intenst hat, sterk sinnsforvirring, hjernevasking eller manipulering.

Desse terroristane var religiøse fundamentalistar. Dei var i stand til å gjere kva det skulle være. Ingenting kunne skreme dei – heller ikkje døden. Alle friske menneske vernar om livet. Dei fryktar døden for ingen veit kva som kjem etter den. Tankane om det som er etter døden, er prega av tvil og tru.

Mange religionar – også kristendom og islam – talar om ein himmel og eit helvete. Ingen vil til helvete. Alle vil til himmelen. Men det er vel ingen som trur at ein kan komme til himmelen ved å drepe seg sjølv og andre? Det er likevel skremande at religiøse fundamentalistar går i døden og tek andre med seg i trua på at Gud er med dei!

I ein reportasje i VG av 29. september går det fram at terroristane likevel må ha hatt blanda kjensler med prosjektet sitt. I eit etterlate brev på arabisk heiter det: «Vi trenger å bruke de siste timene til å be Gud om tilgivelse ...

Herfra vil du begynne et lykkelig liv: Det uendelige paradis! Vær optimistisk! Profeten var alltid optimistisk!» Bøna om tilgjeving vitnar om at dei ikkje var heltar. Dei visste at det dei var i ferd med å gjere, var gale! Det er beint fram utenkjeleg at desse drapsmennene og terroristane i ettertid skal få status som martyrar !

Religiøs motivasjon har vore brukt i strid og krig til alle tider. Vikingane trudde fast på at dei kom til Valhall (paradis for vikingane) viss dei fall i strid. I den andre verdskrigen brukte Hitler religionen i sine barbariske krigsåtak på land og folk. Soldatane hans hadde inngravert «Gott mit uns» (Gud er med oss) i bandolæra sine.

Det var desse soldatane som den 1. september 1939 gjekk til blitzkrigsåtak på Polen og drap uskuldige menn, kvinner og born.

Den andre verdskrigen vart eit døme på mannedrap som verda aldri tidlegare hadde sett maken til med rundt 80 mill. døde. Og det paradoksale med det heile var at dei fleste krigshandlingane gjekk føre seg mellom såkalla kristne land der feltprestane på begge sider av frontane bad til den same Gud om siger over fienden! Difor er påstanden til Rødland at «det var kristendommen som erstattet døden med livet i vår verden, barbari med sivilisasjon» ei sanning med store modifikasjonar.

Innføringa av kristendommen førte – som Rødland rett nok har peikt på – med seg gode ting, men også vonde ting fylgde med. Ingen vil vel la seg imponere av måten kristendommen vart innført på i landet vårt. Religionen kom ikkje som eit tilbod. Den kom som eit påbod: «Ta imot kristendommen ellers slår vi hovudet av deg!» Mange vart lemlesta eller drepne.

Krosstoga (år 1000–1300) der kristne riddarar drog til Det heilage landet for å fri det frå vantruande muslimar, førte med seg mykje liding og død. Religionskrigane opp gjennom historia, t.d. Trettiårskrigen, er døme på kva religiøst engasjement kan få menneske til å gjere. Ja, men dette er historie, vil nokon seie. Nei, menneskenaturen har ikkje endra seg. Sjå på tilstanden i Irland der protestantar og katolikkar prøver å ta livet av kvarandre!

Her er det langt frå bodordet i kristendommen om å elske kvarandre, til realitetane i kvardagen! Og korleis er det i Israel? Israelittane er livredde for neste bombeåtak frå ein ny palestinsk sjølvmordar.

Verda ventar i spenning. Når og kvar kjem neste åtak? Mange er redde. Verda er ikkje lenger trygg. Laurdag 29.09. demonstrerte 10.000 menneske i Washington. Dei protesterte på den amerikanske hemnen som Bush har lova skal komme.

Dei meiner at hemn ikkje er veien å gå. Vil dei meine det same om det kjem eit nytt åtak? Ein ting står fast: Alle fredselskande folk og nasjonar må stå saman i kampen mot terrorisme.

Viss terrorisme får halde frem, kan livet lett bli eit harsadiøst spel der det er spørsmål om å overleve frå dag til dag. Slik kan vi ikkje leve. I verste fall kan terrorisme utløyse desperasjon og føre til bruk av atomvåpen. La oss håpe at det aldri vil skje.

Av Sigurd Netland, Sandane