Den første boka eg som sjuåring lånte på Fjell Folkeboksamling heitte «Blokkhuset i urskogen» og var skriven av Edward S. Ellis. Boka vil i dag ikkje bli betrakta som politisk korrekt, korkje i forhold til indianarar eller svarte, men spennande var ho, og ho førte meg til nye bøker om indianarane i Amerika. Bibliotekaren heitte Anders Tellnes. Han hadde eit imponerande oversyn over den ikkje heilt små boksamlinga. Han var særleg på vakt når vi kom trekkjande med bøker som både vi og bibliotekaren visste var usømeleg lesnad for gutar i småskulen. Dei laut vi setja tilbake i hylla.

No har kulturminister Valgerd Svarstad Haugland sett seg føre å endra biblioteklova. Ei rekkje bibliotekarar seier og skriv at det vil setja mange folkeboksamlingar i fare. Kan det vera ei oppgåve for ein kulturminister? Ho bør då veta at dei siste ti åra så har 250 bibliotek eller filialar blitt avvikla. Det norske folkebiblioteket anno 2002 er — trass i vår overlegne økonomi - ikkje rangert mellom dei fremste i verda. Er det grunn for ein kulturminister å svekkja bibliotekstellet ytterlegare?

Kulturministeren, som også er leiar i Kristeleg Folkeparti, kan skyta seg innunder at ho slår eit slag for det kommunale sjølvstyret. Det kan det prinsipielt sett seiast mykje godt om. Men vi veit at det også har sine nattsvarte minussider.

I dag har vi ei (bibliotek) lov som pålegg norske kommunar å ha eit bibliotektilbod til innbyggjarane sine. Denne lova har sikra born, unge og vaksne retten til å ha eit folkebibliotek innanfor kommunegrensa. Biblioteklova har vore ein torn i auga på mange rådmenn og kulturlause lokalpolitikarar som vil ta pengar frå biblioteket og overføra til sjukeheim eller kloakkutbygging.

Wergeland og Sundt

Den norske folkebibliotektanken skriv seg tilbake til leseselskap og boksamlingar for ålmugen på 16- og 1700-talet. Det kongelige Selskab for Norges Vel etablerte på 1800-talet leseselskap og folkebibliotek på landsbygda, i folkeopplysningas teneste. Henrik Wergeland, Ole Vig og Eilert Sundt blir nemnde som føregangsmenn. I 1836 figurerer folkebibliotek første gong i statsbudsjettet, men kom ikkje inn som fast post før i 1876. I 1935 kom første biblioteklova. Men først med lova av 1947 vart det slått fast at alle norske kommunar skulle ha sitt eige folkebibliotek. Den noverande lova om folkebibliotek vart vedteken 20. desember 1985. Der heiter det mellom anna at folkebiblioteka «skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og voksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet.» Om dette sa Henrik Wergeland følgjande, i litt meir fortetta form: «Boghylden er den Stige, der fører til at blive overmandens Lige.»

Det er ikkje noko gale med den eksisterande lova, seier bibliotekarane, som likevel kan gå med på at det som står om bibliotektilsynet blir fjerna. Det tilsynet blir borte over nyttår i alle fall. Men elles er det bastant motbør frå forfattarar og bibliotekarar og nesten alle dei høyringsinstansane som har uttalt seg.

Ikkje rør lova no

Bibliotekarforbundet seier «ikkje rør lova no», og grunnen er todelt: For det første at folkebiblioteka er altfor viktig for Noreg som kulturnasjon til at saka kan overlatast til kommunepolitikarar med dårleg råd. For det andre fordi lovframlegget svekkjer kravet til kompetanse hos dei som skal arbeida i biblioteka. Biblioteksjef Liv Sæteren ved Deichmanske bibliotek i Oslo seier til Aftenposten at ho synest det nesten ligg ei oppmoding til å leggja ned bibliotek i lovframlegget. Andre ser føre seg at kommunar no kan avvikla biblioteket sitt, spara pengane, og senda innbyggjarane til nabokommunen. Dersom biblioteket der overlever sparekniven.

Forfattarane er minst like kritiske. Rune Ottosen, leiar i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, seier til Dagbladet at dette er eit langt steg i feil retning. Som vanleg vil det vera folk i fattige kommunar som får lida mest.

Framlegget kjem i ei tid då det er dokumentert at kvar femte norske elev er funksjonell analfabet ved avslutta grunnskule. Problemet er aukande. Er ei dårlegare bibliotekteneste eit godt svar på denne utfordringa?

Eller ein meir munter variant - frå teikneserieverda. Andy Capp avviser ein leksikonseljar i døra med følgjande replikk: «Folk som ikke veit noenting er de lykkeligste, kammerat». I neste bilete kjem ei taleboble ut av munnen på Flo, der ho skurar golvet på alle fire: «Og de ulykkeligste de som er nødt til å høre på dem».

Sterkare lokaldemokrati?

I Noreg har vi satsa på nasjonale standardar innan det vi reknar som viktige, nasjonale oppgåver. Skulen skal - i prinsippet - vera like god i Alta som i Bærum. På den andre sida er det stadig klager frå lokalt og regionalt hald på at staten styrer altfor mykje, og at han styrer i smått. Lokaldemokratiet får altfor lite rom til å velja sin eigen veg. Kan det vera desse klagemåla Valgerd Svarstad Haugland vil imøtekoma?

Kanskje det. Og oppdraget kjem frå Stortinget. Men dessverre er det ingenting som tyder på at den regjeringa Svarstad Haugland er kulturminister i, og som er dominert av Høgre, har den minste tanke om å styrkja det lokale og regionale forvaltningsnivået. Snarare tvert imot.

Denne hausten har ein gjennomgåande skral kommuneøkonomi vore eit viktig tema i det politiske ordskiftet. Dersom Svarstad Haugland får det som ho vil, blir det fritt fram for kulturlause rådmenn og historielause lokalpolitikarar. Då ligg biblioteka dårleg til.

Det kan altså kallast ei styrking av det lokale demokratiet. Men det vil neppe vera til bate for Noreg som kulturnasjon.