Torsdag morgon small det igjen for to mopedførarar, den eine av ulykkene med tragisk utgang. Den 18 år gamle Magnus Gisle Veland mista livet i frontkollisjon med ein bil i Eikelandsosen. Og etter ei møteulykke på Laksevåg vart mopedisten sendt til sjukehus.

Dei to ulykkene føyer seg inn i ein tragisk trend som Vegdirektoratet finn grunn til å sjå nærare på.

— Vi vil både finne ut kvifor det skjer så mange ulykker med moped, og om det er tiltak vi kan sette i verk for å redusere ulykkestalet, seier leiar for trafikktryggingseksjonen i Vegdirektoratet, Finn Harald Amundsen.

Trend gir 15.000 nye i år

Mopedsalet har i år formeleg eksplodert. Berre på dei elleve første månadene er heile 15.000 nye mopedar registrerte. På dei siste to åra har det kome over 20.000 nye mopedar på norske vegar, og pr. desember 2003 er det registrert 141.315 mopedar totalt her i landet.

— Det som gjev grunn til uro, er at talet skadde og drepne mopedistar aukar meir enn talet nye mopedar skulle tilseie, skriv Amundsen i ein intern rapport, der han konkluderer med at det er grunn til å sjå nærare på utviklinga. Målet er blant anna å finne ut om ulykkene i 2002 på nokon måte skil seg ut frå tidlegare år.

Amundsen nemner her blant anna framvoksten av den urbane scooteren, men også dei mopedførarane som er eldre enn 16-åringane som har dominert statistikkane så langt.

Tala han opererer med, tyder ikkje på at talet mopedulykker i tettbygd strok er aukande. Framleis er det 16-17-åringane som er mest utsett, men talet skadde og drepne mopedistar over 25 år er også aukande.

Til slutt nemner han at andelen jenter og kvinner i mopedulykker er stigande.

Frå mc til moped

Ut frå denne enkle granskinga basert på tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og tal politirapporterte ulykker, meiner Amundsen at ei langt større og grundigare gransking er på sin plass.

Opphaveleg var Vegdirektoratets plan å starte eit prosjekt på mc-ulykker, men på grunn av utviklinga har direktoratet vald å spisse djupneundersøkinga mot lett mc og mopedulykker spesielt.

— Vi har no bede om anbod på ei slik gransking frå SINTEF, Transportøkonomisk Institutt og Rogalandsforsking, seier Amundsen til Bergens Tidende.

— Kva ønskjer de spesielt å få belyst?

— Vi ønskjer er studie av ulykker med moped og lett motorsykkel, og er opne for dei forslag desse forskingsmiljøa måtte komme med. Vi vil ikkje legge for sterke føringar eller bindingar i utgangspunktet, seier Amundsen.

Dei ti første månadene i år hadde fem menneske mista livet i mopedulykker, og over 500 var skadd.

Tala vil bli enda dystrare innan året er omme.

— Det er for tidleg å seie om det kjem nye krav til eksempelvis mopedførar, kjøretøy eller utstyr, seier Amundsen. - Først skal vi få gjennomført denne granskinga.