Monarkiet skaper eit klassedelt samfunn, der makta, pengane rår. Kongen er både den øverste åndelege og verdslege leiaren. Makt og moral går ikkje i hop.

At makt korrumperer, er rett. Absolutt makt korrumperer fullstendig. Staten, makta vil styra kyrkja. Stat og kyrkje må skiljast, for kyrkja er samfunnets moralske vaktar. Dei to rollene kan ikkje blandast.

Kyrkja må vera økonomisk heilt uavhengig av staten, med ein eigen kyrkjeskatt, tiende. I eit verdsleggjort, materialisert samfunn kan ingen koma i staden for kyrkja. Det vil føra til eit moralsk anarki.

Eit samfunn utan etikk kan ikkje overleva. Døyr sjela, døyr moralen, samfunnet. Menneske er ikkje eit dyr, men eit åndsvesen med kropp og sjel.

«Livet er ein kamp mot trolde i hjerte og hjernens hvelv,» som Ibsen uttrykte det. «Vi lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut av Guds munn,» om eg hugsar rett. Berre eit reint hjarte kjenner sanninga.

OLAV EIDE,BYGSTAD