TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noDalsøyra i Gulen

Eigaren av Nesse Hønserier, Jan Haveland, nektar nemleg å betale mulkta. Han vil heller ikkje utan vidare fjerne dei store mengdene med hønsemøkk som ligg lagra på garden. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har no bedt skattefuten drive inn bota.

Hønseriet på Dalsøyra i Gulen er blant dei største eggprodusentane i Sogn og Fjordane, og eigar Jan Haveland står utanfor alle samyrkeorganisasjonar i landbruket. Han har sitt eige pakkeri, og sel og distribuerer sjølv til forretningar og matvarekjeder.

Lang strid Striden har pågått over fleire år, og må no få si avgjerd i rettssystemet. Begge dei to gongene møkkadungane i Gulen har vore på dagsorden i Statens Forurensingstilsyn, har tilsynet teke Fylkesmannens parti.

Det er no tre år sidan første gongen Fylkesmannen påla eggprodusenten i Gulen å fjerne dei to ulovlege gjødseldeponia. For å få pålegget gjennomført, trua Fylkesmannen med bot. Dersom ikkje gjødselen var fjerna innan tre månader, måtte hønserieigaren betale forurensingsgebyr på 80.000 kroner.

Men hønsemøkka vart aldri fjerna, og gebyret korkje betalt, ei heller forsøkte staten å inndrive det.

Synfaring I fjor vår drog så tilsette ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen på synfaring til Nesse Hønseri. På synfaringa kunne dei konstatere at dei to deponia framleis låg på eigedomen.

I tillegg meiner Fylkesmannen å kunne dokumentere at det er tilført meir gjødsel til det eine deponiet. Nesse Hønserier fekk ny frist på seg til å fjerne den opplagra hønsemøkka. Og ny trussel om økonomiske straffetiltak: Dersom deponia ikkje vart fjerna, ville mulkta auke til 120.000 kroner.

— Fristen har no gått ut. Vi har sendt saka over til skattefuten, og bedt han krevje inn tvangsmulkta, opplyser førstekonsulent Oddgeir Aardal ved landbruksavdelinga hos Fylkesmannen.

Gjødsel til økologisk drift Gjennom klageskriva frå eggprodusenten går det klart fram at Haveland meiner det er laga ei stor sak av noko som vil løyse seg sjølv. Det eine deponiet har grodd igjen. Gjødsla i det andre skal seljast til gardbrukarar, ikkje minst bønder som satsar på økologisk drift. Han avviser også at det er avrenning eller ureining frå deponia.

Bakgrunnen for lagera som er bygt opp på garden ved Dalsøyra, er konkursen ved Gjødseltørkeriet i Ålvik. Hit gjekk nemleg hønsegjødselen frå Nesse. Men då tørkeriet måtte stenge dørene, fekk eggprodusentane vanskar med å bli kvitt gjødselen på forskriftsmessig vis. I følgje klageskriva frå Haveland fekk hans kollegaer i Hordaland, som kom opp i same knipa, løyve til å lagre møkka på garden.

Haveland meiner han burde fått same ordninga. Han har fleire gonger kravd at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skal seiast ugild, og at saka om møkkadungane på eigedomen skal overførast til Fylkesmannen i Hordaland.