OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bergens-tidende.noIallfall synest veteranbåtentusiastane Walter Nygård (70) og Sigmund Landa (69) at kjæledeggen deira får svært god behandling av Aker Stord. Dei to pensjonistane er i gong med å skifta ut vindauge i "Midthordland"s øvre salong.— Her på verfet har alle ein fantastisk god og hjelpsam tone overfor oss og båten, seier Nygård og Landa. Blant anna stiller verftets opplæringsavdeling for å ta ut gamle buler i "Midthordland"-skroget.Den gamle sjøbussen som trafikkerte Bjørnefjorden i 20 år, ligg i dag til kai så å seia nøyaktig der båten i 1947 blei sjøsett som Stord Verft sitt bygg nummer to. På kjempeverftet er det kontrast mellom vesle "Midthordland" på 184 bruttotonn og den 35.000 tonn store Snorre B-plattforma like ved. Det har gått over 20 år sidan siste båten blei bygt på verftet. Kongeleg 2001-opning Det Midthordlandske Dampskibsselskap AS har fått 100.000 kroner av Riksantikvaren til å ordna dei 38 glasrutene i øvre salong på "Midthordland" etter at lekkasje og rrte har herja i mange år.Ein del arbeid er utført av Hardanger Fartøyvernsenter, resten blir gjort på dugnad - i hovudsak av Sigmund Landa og Walter Nygård frå Stord. Landa er kaptein, Nygård er mannskap når "Midthordland" har turist- og blåtursesong. Nygård var tilsett ved Stord Verft då "Midthordland" blei bygt.Første oppdraget i 2001 blir i Sunnhordland i samband med den offisielle opninga av Trekantsambandet 30. april. Kan henda blir kong Harald mellom gjestene som stig om bord for å sjå dei majestetiske bruanlegga frå sjøsida.Sigmund Landa, Walter Nygård og reiar Svein Amundsen har fleire restaureringsplanar for "Midthordland", men dei får utstå til etter årets sesong. Med vindaugsreparasjonen i vinter, dekk- og motorskiftet i forfjor står sjøbussen fram som ein verdig representant for tidlegare tiders fjordafart. Båten tek heile 288 passasjerar og har Bergen som heimehamn.