I ein ting kan eg vera einig med Steinar. Det er på tide målstriden vert fyrstesidestoff att. Det er med stor glede eg ser at BT gidd via framsida til slikt.

No som meieria vert sentraliserte, vert det vanskelegare å gje nynorskbrukarane nynorskmjølk, og bokmålsbrukarane bokmålsmelk. Difor kjem dei minst kjøpte mjølketypane på nynorsk og resten på bokmål. Det er nok ikkje meir nynorsk på mjølka no enn før. Om Bokmålsforbundet har rett i at nynorsk gjer at ei vare vert mindre kjøpt, synst eg øl, brus, sjokolade og andre usunne ting burde koma på nynorsk. Berre på nynorsk. Soleis kunne me fått eit sunt norsk folk.

Øksengard ynskjer at bokmålsfolk berre skal ha bokmålsmelk. Truleg meiner han òg at nynorskbrukarar berre skal få nynorskmjølk. Eg har eit betre framlegg. Me kan fordela vestlandsmjølka slik: Mjølk som kjem frå kyr i nynorskområde kjem på nynorskkartongar. Mjølk som kjem frå kyr i bokmålsområde kjem på bokmålskartongar. Melkekuene til Øksengard kan beita rundt Smålungeren, og på dei grøne flekkane i rundkøyringane. So får me sjå kva mjølk som smakar best.

Sigbjørn Hjelmbrekke, leiar i Vestlandske Målungdom