Av Kristin Eimhjellen

Dersom du eller eg vert mistenkte, ynskjer vi å få høve til å forklare og forsvare oss, og det har vi rett til. Når ein person vert mistenkt for noko som vert oppfatta som alvorleg gale, vert det i dag straks spreidd ut over i lokalsamfunnet, landet, ja, somme gonger i heile verda. Denne spreiinga av mistanke kan skje så fort at den mistenkte og hans/hennar næraste knapt veit kva det heile handlar om.

Mange har opplevd dette: Vektløftar mistenkt for doping, ordførar mistenkt for valdtekt, stortingsrepresentant mistenkt for tilbakehalding av viktig informasjon og to ungdomar først mistenkte for drap, seinare mistenkte for rasisme.

Og media slår opp! Det er ikkje grenser for kva som vert sagt, skrive, og ikkje minst vist av film og bilete for å dramatisere og gjere mistanken stor. Mistanken gror som ugras i folket som les, ser og høyrer. Veit vi kva vi er med på? Greier vi sjå at vi vert påverka til å tru på mistanken og er med på å styrke den i oss sjølv og i vårt miljø? Har vi tenkt på at ein gong kan det bli vår tur til å bli mistenkt for noko, eller kanskje ein person vi er glad i kan få mistanken retta mot seg? Tenk deg: Store oppslag med berre negative vinklingar og påstandar!

Ja, du har rett når du seier at det ikkje alltid er berre slik. Det er ikkje alltid berre det negative som kjem fram i media. Eg veit det – vektløftaren fekk støtte og positiv omtale frå lokalsamfunnet, næringslivet og idrettsmiljø. Bra! Ordføraren fekk mykje positiv omtale frå sine veljarar, kollegaer og folket i kommunen. Dei visste om det gode arbeidet han hadde utført som ordførar. Stortingsrepresentanten som i nokre dagar vart trua med riksrett, fekk også støtte i media. Mange gjekk ut og sa ifrå om at dei ikkje kunne tenkje seg at han kunne ha gjort noko som helst med vond vilje, han som har vore snill og god i heile sitt liv. Rett og nødvendig med slik støtte, tykkjer eg.

Like fullt hadde dei alle store kamera på seg i dagar, veker eller månader. Alle opplevde dei sjokket, presset og stresset. Stor, ufatteleg stor påkjenning for dei mistenkte og deira næraste.

Og kva med dei to ungdomane? Dei vart mistenkte. Dei opplevde eit ufatteleg mediekøyr. «Store», kloke menn og kvinner har stadig uttalt seg om deira sak som om fakta har komme fram og dommen har falt – utan at nokon «stor», klok mann eller kvinne har støtta dei. Dersom dei i denne tida har lengta etter at nokon som ser samanhengar, fleire vinklingar eller nokon som kjenner ungdom sine behov, skulle gje dei støtte i media – så har dei lengta forgjeves!

Vektløftaren, ordføraren og stortingsrepresentanten fekk som motvekt til mistanken, ei viss støtte og forståing. Mistanken varte i kortare tid. Desse personane har gjort viktige og oppsiktsvekkjande ting i livet sitt. Dei har vore sterke og dyktige og fått vist seg før mistanken kom. Dei har også erfaring med media og hjelpeapparat rundt seg.

Men altså ¿ dei to ungdomane har ein heilt annan situasjon. Dei var ikkje heilt voksne då dei vart mistenkte. Dei har ikkje hatt den same tida på førehand til å vise seg fram med «gode gjerningar» og store musklar. Dei har vorte dømde på førehand i to heile år.

Meir enn nokon av dei andre hadde dei trengt støtte og vern, og mest av alt at vi kunne vente til saka var avgjort før vi bestemte oss for å tru at vi visste kva som har skjedd.

Kan vi slå oss på brystet å seie: «Eg har ikkje dømt dei!» Ja, det kan vi dersom vi ikkje har brukt saka som eksempel på drap, vold og rasisme, men heller har valt å stå ved dei mistenkte si side også i desse to åra. (Vi treng ikkje velje side og dermed vere negative enten til dei mistenkte eller til den som er eit antatt offer!) Men har vi i våre stille sinn bestemt oss ut ifrå einsidig påverknad i media, eller endå verre: Har vi ropt det ut i 17. mai talar, appellar på skular, i debatt— og underhaldningsprogram osv. at dette er eksempel på drap, vold, rasisme – ja, då har vi dømt på førehand! Og vi som er imot vold og dop, overgrep og rasisme, og vi som er opptekne av menneskeverd: Vi er vel også imot førehandsdømming og trakassering av dei personane som er mistenkte.

Neste gong kan det bli min – eller rettare sagt din tur!

I eit innringingsprogram på radioen ein dag, høyrde eg at det faktisk fins folk som trur at dei ikkje vert påverka av det media får fram i forbindelse med straffesaker. Eg meiner det er ein stor fare når ein ikkje er klar over denne påverkingsprosessen. Det er viktig at vi prøver å vere bevisste og arbeide imot einsidig informasjon. Vi kan for eksempel stille oss sjølv og andre ein del reflekterande spørsmål.

Så la oss i alle fall håpe at medlemane i retten er bevisst på den einsidige påverknad dei nødvendigvis må ha vore utsette for i over to år.